The Blue Nile
The Blue Nile er ei musikkgruppe frå Glasgow i Skottland, skipa i 1981 av Paul Buchanan (song, gitar), Robert Bell (bassgitar, synthesizer) og Paul Joseph Moore (keyboard, piano). Frå byrjinga hadde ho ein synthesizer-basert sound, men dei to seinare albuma har ein meir akustisk stil.
The Blue Nile | |||
Aktiv | 1981– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Alternativ rock, syntpop, sophistipop | ||
Plateselskap | Warner Bros. Records |
Historie
endreGruppa blei danna då Buchanan og Bell studerte ved Universitetet i Glasgow og byrja skriva låtar saman. Der møtte dei keyboardspelaren PJ Moore. Som trio byrja dei spela ulike stader i Glasgow og gjera demoopptak. I 1981 gav gruppa ut ein singel med låtane «I Love This Life» og «The Second Act» på eige selskap.[1]
Ved eit tilfelle hamna ein av demoane hjå Linn Electronics, ein produsent av audioprodukt som likte demoen så mykje at dei tilbaud seg å finansiera eit album med gruppa.[1] Debutalbumet A Walk Across the Rooftops kom ut i 1984 og fekk mykje merksemd.
Etter debutalbumet har den kritikerroste gruppa berre gitt ut eit fåtal album med lange mellomrom. Oppfølgjaren Hats frå 1989, med låtar som «The Downtown Lights» og «Headlights on the Parade» nådde ei topp 20-plassering i England, og er eit av dei få albuma som fått høgaste karakter i bladet Q.[2] Peace at Last kom ut i 1996 med ein meir akustisk sound enn dei tidlegare albuma.
Etter å ha gitt ut albumet High 2004 var det uklart om gruppa framleis eksisterte, men ho blei ikkje oppløyst offisielt. Paul Buchanan gav ut soloalbumet Mid Air i 2012.[1]
Gruppa har samarbeidd med blant anna Peter Gabriel, Rickie Lee Jones, Annie Lennox, Robbie Robertson, Julian Lennon og Texas.Annie Lennox spelte inn ein coverversjon av «The Downtown Lights» til albumet Medusa frå 1995. Andrea Corr frå The Corrs spelte inn ein coverversjon av «Tinseltown in the Rain» på A Walk Across the Rooftops i 2011.
Diskografi
endre- Album
- A Walk Across the Rooftops – 1984
- Hats – 1989
- Peace at Last – 1996
- High – 2004
- Singlar/EP-ar
- "I Love This Life" / "The Second Act" – 1981
- "Stay" / "Saddle The Horses" – 1984
- "Tinseltown In The Rain" / "Heatwave" – 1984
- "The Downtown Lights" / "The Wires Are Down" – 1989
- "Headlights On The Parade (Bob Clearmountain Remix)" / "Headlights On The Parade (Album Version)" – 1990
- "Saturday Night (Edit)" / "Saturday Night (Album Version)" – 1990
- "Happiness" / "O Lolita" / "War Is Over" – 1996 (Maxi-singel)
- I Would Never (EP) – 2004
- "She Saw The World" / "Soul Boy (Remix)" – 2004
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «At the Source of The Blue Nile: An Interview with Paul Buchanan» (på engelska). Pop Matters. 30 januari 2013.
- ↑ «Official Q website». Arkivert frå originalen 15. juni 2006. Henta 4. april 2021.
- Denne artikkelen bygger på «The Blue Nile» frå Wikipedia på svensk, den 20. juni 2024.