The Breakfast Club
The Breakfast Club er ein amerikansk dramakomedie og ungdomsfilm frå 1985 regissert og skriven av John Hughes. Filmen handlar om fem elevar på ein amerikansk high school som må vera på skulen ein laurdag, som straff for diverse tildragingar. Dei er svært ulike, men i løpet av dagen oppdagar dei at dei har meir til felles enn dei ante på førehand. Dei leiande rollene blir spelte av Emilio Estevez, Anthony Michael Hall, Judd Nelson, Molly Ringwald og Ally Sheedy.
Regi | John Hughes | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | John Hughes, Ned Tanen, Michelle Manning | ||
Manus | John Hughes | ||
Medverkande | Emilio Estevez, Molly Ringwald, Ally Sheedy, Anthony Michael Hall, Judd Nelson, Paul Gleason, John Kapelos, John Hughes | ||
Klipp | Dede Allen | ||
Musikk | Keith Forsey | ||
Sjeffotograf | Thomas Del Ruth | ||
Produksjonsselskap | Universal Pictures | ||
Distributør | Universal Pictures, Netflix | ||
Utgjevingsdato | 15. februar 1985 (USA),[1][2] 5. juli 1985 (Tyskland),[3][4] 5. juli 1985 (Sverige),[5][6] 1985 | ||
Lengd | 93 minutt, 95 minutt | ||
Opphavsland | USA | ||
Språk | engelsk | ||
Inntening | 51 500 000 US-dollar | ||
Sjanger | ungdomsfilm, dramakomedie, oppvekstfilm, dramafilm |
Filmen blei ein stor publikumssuksess i USA, men gjorde det mindre godt i utlandet.
Handling
endreFilmen handlar om fem amerikanske high school-elevar som må bera ein laurdag på skulen som straff for ulike feil. Dei fem består av idrettstjerna Andrew, pøbelen John, nerden Brian, den alternative og nevrotiske Allison og den vakre Claire (alle dei klassiske high school-personlegdomane). Alle har på kvar sin måte gjort seg fortent til å sitja igjen, til alt overmål på ein laurdag formiddag. Dei har ikkje noko til felles og likar heller ikkje kvarandre, men i løpet av dagen blir alle psykologiske og menneskelege barrierane brotne, og nyansane og alle dei individuelle trrekka deira kjem fram. Utover dagen oppstår det ein slag solidaritet mellom dei, og når dagen er over går alle derfrå med eit meir nyansert syn på livet.
Om filmen
endrePopularitet og økonomi
endreBreakfast Club tente inn 51,5 millionar dollar på verdsbasis, 45,9 millionar av dei i USA åleine.[7] Han var den 16. mest innbringende filmen på amerikansk kino i 1985.[8]
Produksjonskostnadene var på rundt éin million dollar.[9]
Prisar og utmerkingar
endreI 2016 vedtok amerikanske National Film Preservation Board at filmen var viktig nok til å lagrast i National Film Registry.[10]
Tittelmelodien til filmen, «Don't You (Forget About Me)» av Simple Minds, blei særs populær og nådde blant annan førsteplassen på Billboard-lista i 1985.[11]
I rollene
endre- Judd Nelson: John Bender, pøbelen
- Molly Ringwald: Claire Standish, den pene
- Emilio Estevez: Andrew Clark, idrettstjerna
- Anthony Michael Hall: Brian Ralph Johnson, nerden
- Ally Sheedy: Allison Reynolds, den alternative og nevrotiske
- Paul Gleason: Assisterande rektor Vernon
- John Kapelos: Carl Reed
- Ron Dean: Far til Andrew
Referansar
endre- ↑ Box Office Mojo (på engelsk), Wikidata Q223142
- ↑ Box Office Mojo (på engelsk), breakfastclub, Wikidata Q223142
- ↑ http://www.imdb.com/title/tt0088847/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 14. april 2017; språk på verket: engelsk.
- ↑ Lexikon des internationalen Films (på tysk), Zweitausendeins, Wikidata Q1822317
- ↑ Svensk Filmdatabas (på svensk), Svenska Filminstitutet, Wikidata Q1139587
- ↑ Svensk Filmdatabas (på svensk), Svenska Filminstitutet, 6732, Wikidata Q1139587
- ↑ «The Breakfast Club (1985) - Box Office Mojo» (på engelsk). Henta 28. mai 2017.
- ↑ «Top 1985 Movies at the Domestic Box Office». Henta 5. januar 2020.
- ↑ «The 80s: ‘The Breakfast Club’ - Soul Train». 6. oktober 2014. Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 5. januar 2020.
- ↑ «'Breakfast Club,' 'Rushmore' Among Films Added to National Film Registry». Rolling Stone. 2016. Arkivert frå originalen 22. desember 2017. Henta 1. april 2021.
- ↑ «Simple Minds - Chart history | Billboard» (på engelsk). Henta 28. mai 2017.
- Denne artikkelen bygger på «The Breakfast Club» frå Wikipedia på bokmål, den 1. april 2021.