Keith Forsey
Keith Forsey (fødd 2. januar 1948) er ein engelsk popmusikar og plateprodusent.[1]
Keith Forsey | |||
Fødd | 2. januar 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London i England | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1960-åra | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | Trommer, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Giorgio Moroder, Steve Schiff, Udo Lindenberg | ||
Plateselskap | RCA Victor, Epic, Casablanca, Hansa, Oasis | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent | ||
Prisar | Golden Globe Award for Best Original Song, Oscar for beste sang |
Forsey byrja karrieren som trommeslagar for The Spectrum i 1960-åra[2] og som trommeslagaren i Udo Lindenberg sitt Panik Orchester fram til 1976, då han òg spelte perkusjon for Amon Düül II.[3] Seint i 1970-åra var han ein pioner innan disco og arbeidde med artistar som Lipstique, Claudja Barry, La Bionda og Boney M. Han vart trommeslagaren til Giorgio Moroder og spelte på Donna Summer sine discoplater, inkludert Bad Girls. Forsey sitt eige band, Trax, eit samarbeid med Pete Bellotte, var ikkje like populært.[3]
Som Moroder byrja Forsey å produserte musikk sjølv. I 1982 produserte han debutplata til Billy Idol, Billy Idol og gjennombrotsalbumet til Icehouse Primitive Man. Oppfølgjaren til Idol i 1983, Rebel Yell, vart ein stor hit . I 1983 samarbeidde han med Moroder og Irene Cara som låtskriva rpå «Flashdance... What a Feeling» for filmen Flashdance. I 1984 vann songen Oscarprisen. Han var òg medlåtskrivar på meir filmmusikk etter dette, som Ghostbusters, Beverly Hills Cop, The NeverEnding Story og The Breakfast Club. Hitten «Don't You (Forget About Me)» frå The Breakfast Club vart opphavleg tilbode til Simple Minds, som avslo. Men eter at Bryan Ferry, Billy Idol og fleire andre artsitar avslo, vurderte Simple Minds songen på nytt og dei tok han til topp 10 i mange land.
I 2003 produserte Forsey det amerikanske gitarpopbandet Rooney.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Keith Forsey» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bronson, Fred (1. oktober 2003). The Billboard book of number 1 hits. Random House Digital, Inc. s. 616–. ISBN 978-0-8230-7677-2. Henta 24. august 2011.
- ↑ Captain Scarlet and the Mysterons - The Vault - Chris Bentley - Signum Books - 2017
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Michael Sutton. «Keith Forsey | Biography & History». AllMusic. Henta 25. april 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Keith Forsey ved The Internet Movie Database (IMDb)
- Keith Forsey-diskografi på Discogs