The Cinematic Score GTA 5

The Cinematic Score GTA 5
Videospelmusikk av Tangerine Dream
Utgjeve Mars 2014
Innspelt 2012-2013
Studio Eastgate Studios i Wien og Berlin
Lengd 1:03:48
Selskap Eastgate
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi
The Castle
(2013)
The Cinematic Score GTA 5 Chandra - The Phantom Ferry Part II
(2014)


The Cinematic Score GTA 5 er det 142. albumet totalt og det 60. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve mars 2014.[1]

BakgrunnEndra

I 2013 bidrog Tangerine Dream med musikk til videospelet Grand Theft Auto V. Andre artistar som bidrog med musikk var Woody Jackson, Alchemist og Oh No.

I eit intervju med ein fan-blogg fortalte Edgar Froese: «Eg vart kontakta av Rockstar i New York og eg sa 'eg hatar videospel, har aldri laga noko til det', og eg avslo store tilbod frå dei. Etter å ha snakka med sjefen deira fann eg ut kva filosofien var: Arbeid mot etablissementet. Så det er eit sosialt spel. Mange folk forstod ikkje filosofien med spelet. Så eg gjekk med på tilbodet deira.» [1]

Delar av musikken vart gjeven ut som volum 2 av albumet The Music of Grand Theft Auto V. Volum 1 inneheldt ikkje noko musikk av Tangerine Dream, så bandet valte å gje ut ei avgrensa plate med berre komposisjonane som Tangerine Dream hadde bidrege med til spelet.[1] Plata var avgrensa til 2000 eksemplar.[1]

InnhaldEndra

Nr.TittelLengd
1.«Place of Conclusions»5:15
2.«Streets of Fortune»4:54
3.«Mission Possible»4:15
4.«Downtown Los Santos»5:06
5.«Blaine County Sunrise»5:26
6.«Burning the Bad Seal»5:17
7.«Beyond the Weakest Point»6:09
8.«Sadness, Grief and Hope»4:38
9.«Diary of a Robbery»5:36
10.«Draw the Last Line Somewhere»6:13
11.«The Dangerous Mile»5:42
12.«Living on a Razor Edge»5:17

MedverkandeEndra

Tangerine Dream

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «The Cinematic Score GTA 5». Voices in the Net. Henta 24. juli 2020.