The Endless Season

The Endless Season
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 17. desember 2010
Innspelt 2010
Studio Eastgate Studios (Wien)
Sjanger
Lengd 1:04:37
Selskap Eastgate
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Under Cover – Chapter One
(2009)
The Endless Season The Island of the Fay
(2010)


The Endless Season er det 126. albumet totalt og det 50. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i desember 2010.[1]

Albumet var det femte og siste i ein serie kalla Five Atomic Seasons av Tangerine Dream.

I følgje plateomslaget skal Tangerine Dream i november 2006 ha fått eit tilbod frå ein 82 år gammal japansk forretningsmann, som hadde budd og studert i Nagasaki og Hiroshima i 1945 då begge byane vart råka av atombomber. Dei fem komposisjonane måtte vere 54 minuttar lange. Musikalsk skulle del ein og to, våren og sommaren 1945, omhandle tida då klienten budde i Nagasaki, og skildre ein normal atmosfære. Han budde i Hiroshima hausten og vinteren 1945, og musikken skulle skildre kva som skjedde etter 6. august 1945. Den femte plata skulle vere «tida etter», den såkalla «endelause årstida».[2]

Heile albumet er komponert og framført av Edgar Froese, med unntak av at Bernhard Beibl spelar gitar på «The Seven Barriers».

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Flashback»1:15
2.«Devotion»9:17
3.«Virtue of Hope»4:37
4.«Escape»6:35
5.«The Seven Barriers»8:28
6.«Logic of Intuition»6:39
7.«Shunyata»6:30
8.«Restless Mind»5:23
9.«Wild Ocean of Blue Fate»7:43
10.«Breaching Sky»4:07
11.«Morphing»4:03

Medverkande endre

  • Edgar Froese - klaverinstrument, komponist
  • Bernhard Beibl - gitar på «The Seven Barriers».

Kjelder endre

  1. «The Endless Season». Voices in the Net. Henta 23. juli 2020. 
  2. «Springtime in Nagasaki». Voices in the Net. Henta 23. juli 2020.