Under Cover – Chapter One
Under Cover - Chapter One Studioalbum av Tangerine Dream | ||
Utgjeve | Desember 2010 | |
Innspelt | 2010 | |
Sjanger | Elektronisk rock | |
Lengd | 1:16:48 | |
Selskap | Eastgate | |
Produsent | Edgar Froese | |
Tangerine Dream-kronologi | ||
---|---|---|
Zeitgeist Concert (2009) |
Under Cover - Chapter One | The Endless Season (2010)
|
Under Cover – Chapter One er det 125. albumet totalt og det 49. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve desember 2010.
Undertittelen «kapittel ein», indikerte at det kom til å kome fleire coveralbum frå bandet, men så langt har det ikkje kome fleire.
Bakgrunn
endreIdeen til albumet kom til i 2008 i Los Angeles då eit bandmedlem på spøk sa at bandet burde spele inn Topp 40-hits. Etter kvart tende bandet på ideen og laga eit heilt album med coverversjonar.[1]
Kvart bandmedlem fekk kvar velje ut tre songar som skulle spelast inn, og i følgje plateheftet valde dei:
- Edgar Froese: «Everybody Hurts», «Space Oddity», «Heroes»
- Thorsten Quaeschning: «Cry Little Sister», «Precious», «Hallelujah»
- Linda Spa: «The Model», «Suzanne», «Forever Young»
- Iris Camaa: «Wicked Game», «Hotel California», «Iris»
- Bernhard Beibl: «Norwegian Wood», «Wish You Were Here»
Vokalisten Christian Hausl, som tidlegare hadde sunge med Tangerine Dream på albumet Madcap's Flaming Duty (2007), song vokal på størsteparten av songane.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Cry Little Sister» | Gerard McMahon, Michael Mainieri | 5:40 |
2. | «Everybody Hurts» | R.E.M. | 5:06 |
3. | «Precious» | Depeche Mode | 4:20 |
4. | «Space Oddity» | David Bowie | 5:34 |
5. | «The Model» | Kraftwerk | 5:30 |
6. | «Wicked Game» | Chris Isaak | 4:28 |
7. | «Hotel California» | Eagles | 7:39 |
8. | «Suzanne» | Leonard Cohen | 5:23 |
9. | «Heroes» | David Bowie, Brian Eno | 4:35 |
10. | «Forever Young» | Alphaville | 5:40 |
11. | «Iris» | Goo Goo Dolls | 4:08 |
12. | «Norwegian Wood» | The Beatles | 5:33 |
13. | «Hallelujah» | Leonard Cohen | 6:19 |
14. | «Wish You Were Here» | Pink Floyd | 6:53 |
Medverkande
endre- Edgar Froese - klaverinstrument, vokal på «Heroes», gitar på «Space Oddity» og «Hotel California»
- Thorsten Quaeschning - klaverinstrument, korvokal, vokal på «Suzanne», «Norwegian Wood», «Hallelujah» og «Wish You Were Here».
- Iris Camaa - perkusjon, korvokal
- Bernhard Beibl - gitar
- Linda Spa - fløyte, perkusjon, korvokal
- Gjesteartistar
- Chris Hausl - vokal
Kjelder
endre- ↑ Froese, Edgar. «EASTGATE Music Shop». Eastgate record label. Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 23. juli 2020.