The Fall of the House of Usher av Peter Hammill

The Fall of the House of Usher
Studioalbum av Peter Hammill
Utgjeve November 1991
Sjanger Kunstrock
Lengd 1:14:14
Selskap Some Bizzare/Fie! Records
Peter Hammill-kronologi 
Room Temperature
(1990)
The Fall of the House of Usher Fireships
(1992)


The Fall of the House of Usher er ein opera av Peter Hammill (musikk) og Chris Judge Smith (libretto). Han er basert på ei novelle frå 1839 av same namn av Edgar Allan Poe.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Hammill og Smith, som i lag skipa musikkgruppa Van der Graaf Generator, arbeidde sporadisk på operaen frå 1973 fram til den første innspelinga kom ut på Some Bizzare Records i november 1991. Albumet kom ut på CD, kassett og ein avgrensa dobbel vinyl med berre 500 eksemplar.

Songarane på innspelinga bestod av:

Librettoen til Smith har teke visse fridomar med kjeldeteksten til Poe. Huset sjølv vert ein songpart, sungen av den same artisten som har rolla som Roderick Usher. Forteljaren, som ikkje har namn i novella, er gjeven namnet Montresor (namnet på forteljaren i ei anna soge av Poe, «The Cask of Amontillado»), og det er hinta om eit romantisk forhold mellom Montresor og Madeline Usher.

I 1999 fekk Hammill rettane til musikken frå Some Bizzare og omarbeidde stykket. Han spelte inn noko av sin eigen vokal, medan han let partane til dei andre songane vere som dei var. Han fjerna òg perkusjon, la til meir elektrisk gitar og miksa heile innspelinga på nytt. Resultatet kom ut som The Fall of the House of Usher (Deconstructed & Rebuilt) på Hammill sitt eige selskap Fie! i november 1999. Hammill reknar denne versjonen som den definitive innspelinga av operaen.[2]

Operaen er aldri blitt framført på scenen i sin heilskap. I 1980-åra framførte Hammill «The Sleeper» acapella på ei diktfestival i Amsterdam i oktober 1983og i New York i juli 1986. På konsertar i 1991 og 1992 framførte Hammill ofte ein suite av songar frå operaen, offisielt gjeven ut på videoen/DVD-en In The Passionskirche.

Innhald endre

Act One (The Road to the House of Usher)
Nr.TittelLengd
1.«An Unenviable Role»2:29
2.«That Must Be the House»4:56
Act two (Within the House of Usher)
Nr.TittelLengd
3.«Architecture»3:40
4.«Sleeper»3:19
5.«One Thing At a Time»2:50
6.«I Shun the Light»3:46
7.«Leave This House»5:05
Act three (Immediately Following)
Nr.TittelLengd
8.«Dreaming»3:30
9.«Chronic Catalepsy»3:16
10.«Herbalist»3:32
11.«Evil That Is Done»3:46
Act four (The Following Morning)
Nr.TittelLengd
12.«Five Years Ago»3:51
13.«It's Over Now»3:32
14.«Influence»3:18
15.«No Rot»2:27
Act five (Dawn the Next Day)
Nr.TittelLengd
16.«She Is Dead»3:51
Act six (Three Days Later)
Nr.TittelLengd
17.«Beating of the Heart»5:20
18.«Haunted Palace»4:22
19.«I Dared Not Speak»2:57
20.«She Comes Towards the Door/The Fall»1:07
21.«The Fall»3:20

Medverkande endre

Teknisk endre

  • Peter Hammill - lydteknikar, miksing (Sofa Sound/Terra Incognita i Bath)
  • Les Chappell - lydteknikar for Lovich si innspeling (H.O.M.E. Studios i Norfolk)
  • Christoph Matlok - lydteknikar for Grönemeyer si innspeling (Outside Studios i Oxfordshire)
  • Paul Ridout - design, kunst

Kjelder endre

  1. Prato, Greg. «The Fall of the House of Usher – Peter Hammill | AllMusic». allmusic.com. Henta 27. juli 2020. 
  2. «Sofa Sound - Newsletters». www.sofasound.com. Henta 26. juli 2020.