Opna hovudmenyen

The Firm var ei supergruppe frå England som bestod av tidlegare Free- og Bad Company-songar Paul Rodgers, tidlegare Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page, tidlegare Uriah Heep- og Manfred Mann's Earth Band-trommis Chris Slade og bassist Tony Franklin. Page og Rodgers ønskte opphavleg tidlegare Yes-trommeslagar Bill Bruford og bassisten Pino Palladino i gruppa. Bruford hadde derimot kontrakt med eit anna selskap og Palladino var oppteken med å turnere med Paul Young.

The Firm
OpphavEngland
Aktiv1984–1986
SjangerHardrock, bluesrock
Tilknytte artistarLed Zeppelin, Free, Bad Company, AC/DC, Manfred Mann's Earth Band
PlateselskapAtlantic Records
Tidlegare medlemmerPaul Rodgers
Jimmy Page
Tony Franklin
Chris Slade

Både Page og Rodgers nekta å spele songar frå sine tidlegare band og spelte heller nye Firm-songar og songar frå soloalbuma sine. Dei nye songane hadde ein soul-aktig og kommersiell stil. Den siste songen frå The Firm, «Midnight Moonlight» var opphavleg ein Led Zeppelin-song dei aldri gav ut, kalla «The Swan Song». Dette fekk somme kritikarar til å meine at Page hadde gått tom for idear. Etter bandet vart oppløyst gjekk Page og Rodgers attende til solokarrierane sine, medan Chris Slade vart med AC/DC og Franklin slo seg saman med gitarist John Sykes i Blue Murder.

BandmedlemmarEndra

DiskografiEndra

AlbumEndra

KjelderEndra