The Free Spirits

amerikansk jazzrockband

The Free Spirits var eit USA-amerikansk band som ofte er omtalt som den første jazzrock-gruppa.[1] Bandet nytta òg element av pop[2] og garasjerock i musikken sin.[3]

The Free Spirits
The Free Spirits.png
The Free Spirits i 1966
OpphavNew York City, U.S.
Aktiv1965–1968
SjangerJazzrock
PlateselskapSunbeam, ABC
Tidlegare medlemmer* Larry Coryell

HistorieEndra

Bandet vart skipa i New York som ei jazzgruppe. Alle medlemmane utanom Chip Baker hadde bakgrunn i jazz. I følgje trommeslagaren Bob Moses, vende gitaristen Larry Coryell gruppa mot meir rockeprega musikk.[1] Bandet spelte fleire gonger på ein klubb i New York kalla The Scene, men tente lite pengar på dette. Bandet spelte òg med Mitch Ryder og The Rascals.[4]

Innan 1967 hadde Coryell slutta i bandet for å spele med Gary Burton. Moses byrja òg å spele med Burton fordi han «visste det ikkje kom til å bli det same utan Coryell».[5] Pepper, Hills og Baker skipa bandet Everything is Everything i lag med Lee Reinoehl på Hammond C-3-orgel og både John Waller og Jim Zitro på trommer. Vanguard gav ut det sjølvoppkalla debutalbumet deira, som inkluderte Pepper-songen «Witchi Tai To».[6] Moses spelte seinare i lag med Jack DeJohnette, Steve Swallow, Pat Metheny, Jaco Pastorius og Coryell.[7]

DiskografiEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Unterberger 1998, s. 329.
  2. Unterberger, Richie. «The Free Spirits». AllMusic. Henta 29. desember 2020. 
  3. Spicer, Daniel (8. november 2006). «The Free Spirits: Out of Sight and Sound». PopMatters. Henta 29. desember 2020. 
  4. Unterberger 1998, s. 330.
  5. Unterberger 1998, s. 333.
  6. «Everything Is Everything». AllMusic. Henta 29. desember 2020. 
  7. Unterberger 1998, s. 334.