The Gentleman's Magazine
The Gentleman's Magazine var eit engelsk tidsskrift skipa i London i 1731 og nedlagt i 1922.
The Gentleman's Magazine | |||
| |||
Oppretta | 1731 | ||
---|---|---|---|
Grunnleggjar | Edward Cave | ||
Nedlagd | 1922 | ||
Språk | engelsk |
Dette var det første som brukte ordet «magasin» - opphavleg eit fransk ord for 'lager' - om eit tidsskrift.[1] Forfattaren Samuel Johnson hadde si første faste stilling som skribent for The Gentleman's Magazine.
Historie
endreBladet blei skipa av Edward Cave i januar 1731,[2] opphavleg under tittelen The Gentleman's Magazine: or, Trader's monthly intelligencer.
Cave si nyskaping var at det månadlege tidsskriftet hans inneheldt nyheiter og kommentarar knytt til eitkvart emne lesarane hans kunne ha interesse for, frå handelsvareprisar til latinske dikt. Det inneheldt nyskrive innhald frå ein stab av skribentar som bidrog jamleg, i tillegg til lange sitat og utdrag frå andre blad og bøker. Før skipinga av The Gentleman's Magazine hadde ein mest hatt spesialisert blad og spreidde forsøk på meir allmenne blad, som The Gentleman's Journal, redigert av Peter Motteux og gjeve ut frå 1692 til 1694.
Cave redigerte The Gentleman's Magazine under forfattarnamnet «Sylvanus Urban». Bidrag til bladet blei ofte presentert som brev stila til «Mr. Urban».
Framsida av magasinet viste eit bilde av St. John's Gate i Clerkenwell, heimen til Cave og i røynda hovudkontor for magasinet.
Forfattaren Samuel Johnson hadde si første faste stilling ved The Gentleman's Magazine. I eit tidsrom då det var forbode å rapportera frå det britiske parlamentet skreiv Johnson rapportar derfrå med tittelen «Debates of the Senate of Magna Lilliputia». Rapportane reflekterte synspunkta til dei ulike deltakarane, men det dei sa i debattane var hovudsakleg ordlagt av Johnson. Det poetiske namnet «Columbia» brukt om USA blei laga av Johnson og først brukt i bladet i 1738 i ein av desse rapportane.[3][4]
Edward Cave var også ein dyktig forretningsmann som utvikla eit omfattande distribusjonssystem for The Gentleman's Magazine. Bladet blei lese kringom i den engelsktalande verda, og fortsette å gjera det godt gjennom 1700-talet og mykje av 1800-talet. Det byrja gå tilbake på slutten av 1800-talet, og jamleg utgjeving tok slutt i september 1907. Det blei likevel gjeve ut utgåver på fire sider i små opplag frå 1907 til 1922 slik at tidsskriftet framleis kunne seiast å vera på trykk.
Bidragsytarar
endreNokre forfattarar av verk i The Gentleman's Magazine
endre- Samuel Johnson (1709–1784)
- Laetitia Pilkington (ca. 1709-1750), Dublin-fødd eventyrar
- George Stephens (1813–1895), arkeolog og filolog som verka i Skandinavia
- Jonathan Swift (1667–1745), anglo-irsk satirikar diktar og geistleg
- Kaptein Philip Thicknesse (1719–1792)
- James Thomson (1700–1748), skotsk diktar og dramatikar kjend for «The Seasons» og «Rule, Britannia!»
- Nigel Tourneur (18??–18??), pseudonym for ein fin de siècle-forfattar kjend for berre eit verk, Hidden Witchery
- Thomas Tyrwhitt (1730–1786), klassisk akademikar og kritikar
- Charles Woodmason (ca. 1720–1789), engelsk-fødd amerikansk diktar
- Edward Young (1681–1765), engelsk diktar, best kjend for Night-Thoughts
- William Hepworth Dixon (1821–1879), engelsk reisande, historikar og forfattar
Illustratørar
endre- James Norris Brewer (fl. 1799–1829), topograf og forfattar
- Thomas Faulkner (1775–1855), topograf
- John Gibson (1750–1792), kartograf
- Moses Griffith (1749–1819)
- Bartholomew Howlett (1767–1827)
- Samuel Rawle (1771–1860
- William George Moss
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Johnson, Samuel. «Magazine». A Dictionary of the English Language. JohnsonsDictionaryOnline.com. Henta 31. juli 2012.
- ↑ Heather A. Haveman. «Antebellum literary culture and the evolution of American magazines» (PDF). Poetics 32. Henta 20. november 2015.
- ↑ The Gentleman's Magazine, Vol. 8, June 1738, p. 285 Henta 2009-08-22
- ↑ Debates in Parliament, Samuel Johnson. Henta 2009-08-22
- Denne artikkelen bygger på «The Gentleman's Magazine» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2018.
Bakgrunnsstoff
endre
Originaltekst av The Gentleman's Magazine ved Wikisource. |
- «The Gentleman's Magazine (1731–1833)». Eighteenth-Century Book Tracker. Henta 10 January 2016.
- The Gentleman's Magazine, archives at Internet Archive.
- The Gentleman's Magazine, archives at Google Books.
- Bodleian Internet Library of Early Journals: A digital library of 18th and 19th Century journals including The Gentleman's Magazine, vols 1–20 (1731–50) (on-line text search Arkivert 2018-09-03 ved Wayback Machine.)
- A Selection of Curious Articles from the Gentleman's Magazine, John Walker, Longman, Hurst, Rees, Orme and Brown, 1814 [1]
- «An Electronic Version of James M. Kuist's The Nichols File of the Gentleman's Magazine». Electronic Text Center at the University of Virginia Library. 21 April 2008.
Vidare lesing
endre- Bond, Donald. "Review: The Gentleman's Magazine" Modern Philology (1940) 38#1 pp. 85–100 in JSTOR.
- Carlson, C. Lennart. The First Magazine. A History of the Gentleman's Magazine, with an Account of Dr. Johnson's Editorial Activity and of the Notice Given America in the Magazine (Brown University Press, 1938), 281pp
- Kuist, James M. (1982). The Nichols File of the Gentleman's Magazine: Attributions of Authorship and Other Documentation in Editorial Papers at the Folger Library. University of Wisconsin Press (Madison, Wis.). ISBN 0-299-08480-9.
- Two supplements to Kuist were originally published in Vols. 44, 45, 46, 47, and 49 of Studies in Bibliography, The Bibliographical Society of the University of Virginia
- de Montluzin, Emily Lorraine (1996). «Attributions of Authorship The Gentleman's Magazine, 1731–1868 A supplement to Kuist».
- de Montluzin, Emily Lorraine (1997). «Attributions of Authorship in The Gentleman's Magazine, 1731–1868: A Synthesis of Finds Appearing Neither in Kuist's Nichols File nor in de Montluzin's Supplement to Kuist».
- de Montluzin, Emily Lorraine. «Attributions of Authorship in The Gentleman's Magazine (Kuist's Nichols File and Its Conversion into an Electronic Database)».