The House of Blue Light
The House of Blue Light Studioalbum av Deep Purple | ||
Utgjeve | 12. januar 1987 | |
Innspelt | 1986, The Playhouse i Stowe i Vermont | |
Sjanger | heavy metal, hardrock | |
Lengd | 50:38 (CD) 46:16 (LP) | |
Selskap | Polydor (UK) Mercury Records (US) GONG Records (HU) | |
Produsent | Roger Glover, Deep Purple | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Deep Purple-kronologi | ||
Perfect Strangers (1984) |
The House of Blue Light | Slaves and Masters (1990) |
The House of Blue Light er det tolvte studioalbumet til Deep Purple og kom ut i 1987. Det er det andre albumet til den gjenforeinte Mark II-besetninga.
Det tok lang tid å lage og spele inn albumet og Ritchie Blackmore har sagt at mykje av det vart spelt inn på ny.[3] Ian Gillan har sagt at det var store gnissingar internt i bandet som øydela albumet: «Eg ser attende på House Of Blue Light, det er nokre gode songar der, men det er noko som manglar på det samla albumet. Eg kan ikkje føle anda til bandet. Eg kan sjå eller høyre fem profesjonelle folk som gjer deira beste, men det er som eit fotballag, det fungerer ikkje. Det er som elleve superstjerner som spelar på den same banen, men som ikkje er bunden saman i hjarte eller anda.»[4] Organist Jon Lord sa «Me gjorde ein stor feil med å prøve å gjere musikken vår aktuell. Me oppdaga at folk ikkje ønskte at me skulle gjere det.»[5]
Fleire songane på LP-versjonen er kortare enn dei same songane på den originale CD-en som kom ut i 1987.
Det vart laga musikkvideoar til songane «Bad Attitude» og «Call of the Wild».
InnhaldEndra
Alle songar er skrivne av Ritchie Blackmore, Ian Gillan og Roger Glover, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Bad Attitude» | Blackmore, Gillan, Glover, Lord | 4:43 |
2. | «The Unwritten Law» | Blackmore, Gillan, Glover, Paice | 4:34 |
3. | «Call of the Wild» | Gillan, Blackmore, Glover, Lord | 4:50 |
4. | «Mad Dog» | 4:29 | |
5. | «Black & White» | Gillan, Blackmore, Glover, Lord | 3:39 |
6. | «Hard Lovin' Woman» | 3:24 | |
7. | «The Spanish Archer» | 4:56 | |
8. | «Strangeways» | 5:56 | |
9. | «Mitzi Dupree» | 5:03 | |
10. | «Dead or Alive» | 4:42 |
MedverkandeEndra
- Ian Gillan: Vokal, congatrommer, munnspel
- Ritchie Blackmore: Gitar
- Roger Glover: Bassgitar
- Jon Lord: Tangentinstrument, synthesizer
- Ian Paice: Trommer
ListerEndra
Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1987 | Billboard 200 | 34[6] |
Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1987 | "Call of the Wild" | Billboard Mainstream Rock Tracks | 14[7] |
1987 | "Bad Attitude" | Billboard Mainstream Rock Tracks | 14[7] |
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «The House of Blue Light» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: