Roger David Glover (fødd 30. november 1945) er ein walisisk bassist, låtskrivar og plateprodusent. Glover er mest kjend som bassist i rockebandet Deep Purple.[1][2]

Roger Glover

Glover på scenen med Deep Purple i 2017
Fødd30. november 1945 (78 år)
FødestadBrecon i Wales
FødenamnRoger David Glover
OpphavStorbritannia, Wales
AktivSidan 1969
SjangerHardrock, heavy metal, poprock, bluesrock, progressiv rock
Instrumentbassgitar, gitar, bass
Tilknytte artistar
Verka som
  • Musikar
  • låtskrivar
  • produsent
BornGillian Glover

Familien flytta til London i 1955 og Glover fekk interesse for musikk. I 1961 byrja han å spele bass og danna eit band kalla The Madisons. The Madisons vart seinare til bandet Episode Six, som gav ut fleire singlar.

Glover vart henta til det britiske hard rock-bandet Deep Purple saman med Episode Six-vokalist Ian Gillan i 1969. Han forlét bandet i 1973. I 1974 vart han plateprodusent på heiltid, og produserte plater for blant andre Nazareth, Elf, David Coverdale, Status Quo og Judas Priest. Han gav òg ut soloalbumet The Butterfly Ball.

I 1978 gav Glover ut albumet Elements, men i 1979 vart han invitert med i bandet Rainbow av Ritchie Blackmore. Dei gav ut fleire plater før Glover gav ut sitt tredje soloalbum, Mask i 1984.

Same år vart Deep Purple gjenforeint og Glover er framleis bassist i bandet. Saman med Ian Gillan gav Glover ut albumet Accidentally On Purpose i 1988.

Roger Glovers fjerde soloalbum, Snapshot, kom ut i 2002 og hans femte og hittil siste soloplate If Life Was Easy vart utgjeven i 2011.

Diskografi

endre

Med Episode Six

endre
  • Put Yourself In My Place (1987)
  • BBC Radio 1 Live 1998/1969 (1997)
  • The Complete Episode Six (1991)
  • Cornflakes and Crazyfoam (2002)
  • Love, Hate, Revenge (2005, samlealbum)
 
Roger Glover i London for Sunflower Jam i 2007.

Som gjesteartist

endre

Som produsent

endre

Film og fjernsyn

endre
  • 1976 The Butterfly Ball (film)
  • 1991 Deep Purple – Heavy Metal Pioneers (TV/video)
  • 1995 Rock Family Trees, ep. 'Deep Purple' (TV)
  • 2000 100 Greatest Artists of Hardrock (TV)
  • 2002 Gov't Mule – Rising Low (film)
  • 2002 Classic Albums, ep. 'Deep Purple – Machine Head' (TV/video)
  • 2004 Roger Glover – Made in Wales (TV)
  • 2006 Memo – Ivan Pedersen's 40 års karriere (Video)
  • 2006 Brick by Brick: The Building of Gillan's Inn (Video)
  • 2007 Ian Gillan – Highway Star: A Journey in Rock (TV/Video)

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Roger Glover