The Keep av Tangerine Dream

The Keep
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 1997
Innspelt 1983
Sjanger Filmmusikkalbum
Lengd 60:06
Selskap TDI
Produsent Tangerine Dream
Tangerine Dream-kronologi 
TimeSquare – Dream Mixes II
(1997)
The Keep Ambient Monkeys
(1997)


The Keep er det 23. filmmusikkalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream og det 58. albumet deira totalt. Det inneheld musikk for filmen The Keep frå 1983, men kom først ut som ei avgrensa CD-plate, berre 150 eksemplar totalt, som vart selt på ein konsert av gruppa i Storbritannia i 1997. Virgin annonserte like etter at albumet kom til å bli tilgjengeleg for ei generell utgjeving tidleg i 1998, men på grunn av juridiske problem med filmstudioet, vart dette stoppa. I 1999 selte Tangerine Dream 300 eksemplar av albumsamlinga Millennium Booster med The Keep som ein del av samlinga. Denne utgåva hadde eit anna plateomslag.

«Puer Natus Est Nobis» er ei julemesse komponert av Thomas Tallis kring 1554. Fleire av spora på albumet vart ikkje nytta i sjølve filmen.

Ei nyinnspelt utgåve av «The Challenger's Arrival» vart gjeve ut på albumet Tangerine Dream Plays Tangerine Dream i 2006, og i 2007 kom «Ancient Powerplant» ut på Ocean Waves Collection, som var mogeleg å laste ned frå nettsida til Tangerine Dream.

Ei urban myte finst om at The Keep vart gjeven ut på vinyl i 1984. Fleire Tangerine Dream-fans har fortalt soger der dei har sett plata i butikken, men ikkje hadde råd til å kjøpe ho der og då, og då dei kom attende for å få tak i plata, var ho borte.[1][2] Albumet kom ikkje ut på vinyl før i 2013.

Innhald endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Puer Natus Est Nobis»Thomas Tallis3:09
2.«Ancient Powerplant»Edgar Froese4:28
3.«The Silver Seal»Edgar Froese, Johannes Schmoelling3:07
4.«Voices from a Common Land»Edgar Froese, Chris Franke, Johannes Schmoelling4:06
5.«Arx Allemand»Edgar Froese4:24
6.«The Night in Romania»Edgar Froese3:15
7.«Canzone»Edgar Froese, Johannes Schmoelling2:51
8.«Sign in the Dark»Edgar Froese4:19
9.«Weird Village»Edgar Froese, Johannes Schmoelling3:23
10.«Love and Destiny»Edgar Froese, Johannes Schmoelling3:31
11.«The Challenger's Arrival»Edgar Froese4:32
12.«Supernatural Accomplice»Edgar Froese4:07
13.«Parallel Worlds»Edgar Froese, Johannes Schmoelling4:29
14.«Truth and Fiction»Edgar Froese2:52
15.«Wardays Sunrise»Edgar Froese3:20
16.«Heritage Survival»Edgar Froese, Chris Franke, Johannes Schmoelling4:13

Medverkande endre

  • Edgar Froese– gitar, vocoderstemme, klaverinstrument
  • Christopher Franke– ekstra klaverinstrument
  • Johannes Schmoelling– ekstra klaverinstrument og trommemaskin

Andre medverkande

Kjelder endre

  1. «About THE KEEP's Rarity». Tadream. Henta 3. september 2006. 
  2. Feldman, Steven. «Molasar's Homepage». Arkivert frå originalen 16. desember 2006. Henta 3. september 2006.