Ambient Monkeys
Ambient Monkeys Studioalbum av Tangerine Dream | ||
Utgjeve | November 1997 | |
Innspelt | 1997 | |
Studio | Fujiwara Studios | |
Sjanger | Elektronisk, ambient | |
Lengd | 45:32 | |
Selskap | TDI Music | |
Produsent | Edgar Froese | |
Tangerine Dream-kronologi | ||
---|---|---|
The Keep (1997) |
Ambient Monkeys | Der Meteor (1997)
|
Ambient Monkeys, med undertittelen Dream Folder #1 At Crimson's Train Lodge «Myopia World», er det 59. albumet og det 25. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream.[1]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Bakgrunn
endreLike før Tangerine Dream gjekk på scenen under konsertar i Europa i 1997, kunne publikum høyre roleg musikk med lydar av natur, dyr og miljø over. I følgje plateheftet var det «etterspurnad frå publikum etter denne ambient-musikken før konsertane» som gjorde at det vart gjeve ut på plate som Ambient Monkeys på TDI. Dei første utgåvene av plata vart selde i samband med konsertane deira i Storbritannia i november 1997. Den første versjonen av plata kom med sporet «Largo (from Xerxes)».
I juni 1998 kom albumet ut på ny med nytt plateomslag, utan «Largo (from Xerxes)», som ein del av plateboksen Dream Dice, og seinare òg som ei separat plate. I 1999 kom Ambient Monkeys nok ein gong ut med nytt plateomslag, og det same skjedde ein fjerde gong i 2009.[2]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Edgar Froese, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Token from Birdland» (1997 remix) | 5:59 | |
2. | «Symphony in a Minor» | J.S. Bach | 3:26 |
3. | «The Seventh Propeller of Silence» | 3:51 | |
4. | «Calyx Calamander» | Edgar Froese, Jerome Froese | 4:41 |
5. | «Largo (From Xerxes)» (1997 remix) | George Frideric Handel | 3:04 |
6. | «Riddle of the Monkey Tribe» | 3:42 | |
7. | «Moon Marble» | 3:32 | |
8. | «Concerto in A-major / Adagio» | Mozart | 1:46 |
9. | «Lemon Vendor Khaly» | 3:37 | |
10. | «Campera De Mon Glyan» | 4:47 | |
11. | «Virtue is Its Own Reward» | 3:10 | |
12. | «Pantha Rhei» | 3:15 | |
13. | «Myopia World» | 3:46 |
Medverkande
endre- Jerome Froese - komponist og artist
- Edgar Froese - komponist og artist
- Andre
Gisela Kloetzer - spelte på originalutgåva av «Largo (From Xerxes)» frå albumet Tyranny of Beauty i 1995.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ambient Monkeys» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: