The Last Song av Elton John

The Last Song
Singel av Elton John
frå albumet The One
B-side

«The Man Who Never Died» [Remix]

Språk engelsk
Utgjeve 6. oktober 1992 (US)

November, 1992 (UK)

Innspelt 1991-1992
Sjanger Pop, adult contemporary
Lengd 3:19 (album)
Selskap MCA Records, Rocket Records
Tekstforfattar Elton John, Bernie Taupin
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Produsent Chris Thomas
Elton John-kronologi 
«Runaway Train»
(1992)
The Last Song «Simple Life»
(1993)


«The Last Song» er den andre singelen frå Elton John-albumet The One. Songen vart skriven av John med tekst av Bernie Taupin.

Songen vart skriven til minne om Ryan White, ein ung AIDS-pasient som døydde 18 år gammal og som var ein nær ven av John.[1]

Det var den første av dei amerikanske singlane hans som støtta AIDS-stiftinga hans. Taupin faksa teksten til John i Paris, kort tid etter Freddie Mercury døydde. I følgje John gret han heile tida medan han skreiv musikken og det var hardt for han å synge han. Songen fortel soga om ein framandgjort far som prøver å takle seksualiteten til den homofile sonen sin, som er døyande av ein AIDS-relatert sjukdom. Gus Van Sant var ikkje førstevalet til å regissere videoen. David Hockney og Madonna takke begge nei. Songen skulle opphavleg ha tittelen «Song for 1992», men vart omdøypt for å unngå å datere han.[2]

Medverkande endre

Salslister endre

Årslister endre

Liste (1993) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[3] 77

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Elton John's letter to Ryan White, 20 years after his death from AIDS». washingtonpost.com. April 25, 2010. Henta 9. desember 2011. 
  2. Bernardin, C. and Stanton, T. "Rocket Man: The Encyclopedia of Elton John", s. 182-183, Greenwood Press, 1995
  3. «RPM 100 Hit Tracks of 1993». RPM. Henta 16. mai 2018.