The Left Banke Too

The Left Banke Too
Studioalbum av The Left Banke
Utgjeve November 1968
Innspelt 1967-1968
Sjanger
Lengd 31:26
Selskap Smash
Produsent
The Left Banke-kronologi
Walk Away Renée/Pretty Ballerina
(1967)
The Left Banke Too Strangers on a Train
(1986)


Singlar frå The Left Banke Too
  1. «Desirée»
    Utgjeve: Juni 1967
  2. «Dark Is the Bark»
    Utgjeve: Juni 1968
  3. «Goodbye Holly»
    Utgjeve: November 1968
  4. «Bryant Hotel»
    Utgjeve: Februar 1969
  5. «Nice to See You»
    Utgjeve: May 1969

The Left Banke Too er det andre studioalbumet til den amerikanske barokkpopgruppa The Left Banke, gjeve ut på Smash Records i 1968. Det var det siste albumet dei gav ut medan dei eksisterte. Det neste albumet kom ikkje ut før i 1986.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

BakgrunnEndra

Mellom utgjevinga av debutalbumet til The Left Banke, Walk Away Renee/Pretty Ballerina og dette albumet, hadde det originale femmannsbandet blitt korta ned til ein trio, etter at låtskrivaren og klaverspelaren Michael Brown og gitaristen Rick Brand hadde slutta.[2] For å erstatte dei henta bandet inn gitaristen Tom Feher, som hadde skrive songar med Brown for det første albumet.

Halve The Left Banke Too bestod av songar som var gjevne ut som singlar sidan utgjevinga av debutplata i februar 1967. «Desirée» kom ut på singel i juni 1967 og nådde så vidt Billboard Hot 100-lista med ein 98. plass. Dei to neste singlane deira, «Dark is the Bark», som kom ut sommaren 1968, og «Goodbye Holly» som kom ut i november 1968, gjekk ikkje in på listene. Etter albumet kom ut i november 1968, vart ein fjerde og femte singel gjevne ut, «Bryant Hotel» og «Nice To See You», men ingen av desse gjekk heller inn på singellista.

Ein ung Steven Tyler, då kjend som Steve Tallarico, og som seinare vart frontmann i Aerosmith, song korvokal på fleire av songane på albumet, som «My Friend Today» og «Dark is the Bark».[3]

Heile albumet kom ut på CD i 1992 som ei del av samlinga There's Gonna Be a Storm: The Complete Recordings 1966–1969.

InnhaldEndra

Side einEndra

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Goodbye Holly» (Smash singel 2198)Tom Feher2:56
2.«There's Gonna Be a Storm» (Smash singel 2226b)Tom Finn4:16
3.«Sing Little Bird Sing» (Smash singel 2198b)Tom Feher3:09
4.«Nice to See You» (Smash singel 2226)Tom Finn2:41
5.«Give the Man a Hand» (Smash singel 2209b)Marvin Potocki2:33

Side toEndra

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Bryant Hotel» (Smash singel 2209)Tom Feher3:24
2.«Desirée» (Smash singel 2119)Michael Brown, Tom Feher2:42
3.«Dark is the Bark» (Smash singel 2165)George Cameron, Finn, Steve Martin Caro3:28
4.«In the Morning Light»Michael Brown, Tom Feher2:50
5.«My Friend Today» (Smash singel 2165b)Tom Finn3:03

MedverkandeEndra

Andre medverkandeEndra

  • Steve Tallarico — korvokal (på «Nice to See You», «Give the Man a Hand», «Dark is the Bark» & «My Friend Today»), tamburin («Dark is the Bark»)
  • Paul Griffin — klaverinstrument (på «Dark is the Bark»)
  • Paul Leka — strykearrangement; piano (på «Bryant Hotel»)
  • Rick Brand — banjo (på «Bryant Hotel»)
  • Hugh McCracken — gitar (på «Desirée» & «Dark is the Bark»)
  • Ralph Casale — gitar (på «Dark is the Bark»)
  • Marvin Potocki — gitar (på «Give the Man a Hand»)
  • Chet Amsterdam — bass (på «Dark is the Bark»)
  • Joe Mack — bass (på «Desirée»)
  • Bobby Gregg — trommer (på «Desirée»)
  • Artie Schroek — vibrafon, trommer, strykearrangement (på «Dark is the Bark»)
  • John Abbott — blåsearrangement (på «In the Morning Light»)
  • Ray Alonge — valthorn (på «Dark is the Bark»)
  • Ray Desio — trombone (på «Dark is the Bark»)
  • Marvin Stammtrompet (på «Dark is the Bark»)
  • George Young — treblåseinstrument (på «Dark is the Bark»)

SalslisterEndra

Singlar

År Singel Liste Plassering
1967 «Desiree» Billboard Hot 100 98

KjelderEndra

  1. The Left Banke Too - The Left Banke | Songs, Reviews, Credits | AllMusic
  2. «Biography of The Left Banke». The Left Banke Fan Page. Henta 2. september 2019. 
  3. «Left Banke Interview Part 2». Henta 2. september 2019.