The Legend of Zelda: Majora's Mask

The Legend of Zelda: Majora's Mask[a] er eit action-eventyrspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Nintendo 64. Det vart utgjeve internasjonalt i 2000 som det sjette hovudspelet i The Legend of Zelda-serien og er ein direkte oppfølgjar til The Legend of Zelda: Ocarina of Time frå 1998. Det vart designa av ei gruppe leidd av Eiji Aonuma, Yoshiaki Koizumi og Shigeru Miyamoto og vart ferdig utvikla på under to år. Det har forbetra grafikk og fleire endringar av spelemekanikkane samanlikna med forgjengaren, sjølv om det brukte fleire element og karaktermodellar på nytt, noko utviklaren sa var ei kreativ avgjerd gjord naudsynt på grunn av tronge tidrammer.

The Legend of Zelda: Majora’s Mask

Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Eiji Aonuma
Produsent(ar)Shigeru Miyamoto
Komponist(ar)Koji Kondo
SerieThe Legend of Zelda
Plattform(er)Nintendo 64
Nintendo 3DS
UtgjevingNintendo 64
JP: 27. april 2000
NA: 26. oktober 2000
PAL: 17. november 2000
Nintendo 3DS
NA: 13. februar 2015
EU: 13. februar 2015
JP: 14. februar 2015
SjangerAction-eventyr
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI 12, PEGI 7
Nettstadhttp://www.zelda.com/universe/game/majora/, https://www.nintendo.co.jp/n01/n64/software/nus_p_nzsj/
Del av serien The Legend of Zelda

Handlinga i Majora's Mask går føre seg to månader etter hendingane i Ocarina of Time. Spelet følgjer Link, som under ei personleg reise endar opp i Termina, ei parallell verd til Hyrule. Etter å ha kome til Termina, finn han ut at verda er truga av at månen vil falla ned i laupet av tre dagar.

Spelet vart utgjeve på nytt til GameCube i 2003 som del av The Legend of Zelda: Collector's Edition, til Wii og Wii U gjennom Virtual Console i 2009 og i 2016, og til Nintendo Switch Online i 2022. Ei nyutgåve med ekstra innhald og forbetra grafikk vart utgjeven til Nintendo 3DS i 2015 under tittelen The Legend of Zelda: Majora's Mask 3D.

Merknader endre

  1. Kjent i Japan som Zelda no Densetsu: Mujura no Kamen (ゼルダの伝説 ムジュラの仮面 Zeruda no Densetsu: Mujura no Kamen) eller The Legend of Zelda: Mujura no Kamen (The Legend of Zelda ムジュラの仮面 Za Rejendo obu Zeruda: Mujura no Kamen).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre