The Legend of Zelda: Phantom Hourglass
The Legend of Zelda: Phantom Hourglass er eit action-eventyrspel utvikla og gjeve ut av Nintendo på Nintendo DS. Det vart gjeve ut i Japan juni 2007, og i Nord-Amerika og Europa oktober same året. Spelet er ein direkte oppfølgjar til The Legend of Zelda: The Wind Waker, og vert berre styrt ved at ein nyttar peikeskjermen på Nintendo DS.[1]
'The Legend of Zelda: Phantom Hourglass' | |||
| |||
Utviklar(ar) | Nintendo EAD | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Produsent(ar) | Eiji Aonuma | ||
Design(ar) | Eiji Aonuma (produsent) Daiki Iwamoto (direktør) Kōji Kondō, Kenta Nagata, Toru Minegishi (komponistar) | ||
Forfattar | Hidemaro Fujibayashi | ||
Komponist(ar) | Tōru Minegishi | ||
Serie | Legend of Zelda | ||
Plattform(er) | Nintendo DS | ||
Utgjeving | JP: 23. juni 2007 NA: 1. oktober 2007 EU: 19. oktober 2007 | ||
Sjanger | Action-eventyr | ||
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI: 7+ CERO: A ESRB: E | ||
Nettstad | http://www.zelda.com/phantomhourglass | ||
Del av serien The Legend of Zelda⠀ | |||
The Legend of Zelda: Spirit Tracks→ |
Mottaking
endreNettstaden IGN gav Phantom Hourglass 9 av 10 poeng, der dei poengterte at sjølv om spelet er ulikt andre Zelda-spel er det framleis ekte vare.[2] GameSpot gav også spelet 9 av 10, der spelet fekk ros for flott grafikk, god kontroll med peikeskjermen og mengda finurlege gåter.[3] Den norske nettsida Gamer.no gav spelet 7 av 10 poeng, der omtalaren såg på spelet som ei flott reise på eventyr med ein god gammal helt, men mislikte dei passive båtreisene på havet og hovudtempelet som ein må gå gjennom fleire gonger i spelet.[4]
Kjelder
endre- ↑ «The Legend of Zelda: Phantom Hourglass - produktinformasjon». Nintendo. Henta 16. desember 2009.
- ↑ «The Legend of Zelda: Phantom Hourglass Review». IGN. Henta 16. desember 2009.
- ↑ «The Legend of Zelda: Phantom Hourglass Review». GameSpot. Henta 16. desember 2009.
- ↑ «Anmeldelse: The Legend of Zelda: Phantom Hourglass». Gamer.no. Henta 16. desember 2009.
Bakgrunnsstoff
endre