The Legend of Zelda: Spirit Tracks

The Legend of Zelda: Spirit Tracks er eit action-eventyrspel utvikla og publisert av NintendoNintendo DS. Det vart gjeve ut i Nord-Amerika, Europa og Japan gjennom desember 2009. Spirit Tracks har same kontrolloppsett og grafiske stil som The Legend of Zelda: Phantom Hourglass.[1][2]

'The Legend of Zelda: Spirit Tracks'

Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Produsent(ar)Eiji Aonuma
Komponist(ar)Tōru Minegishi
SerieLegend of Zelda
Plattform(er)Nintendo DS
Utgjeving7. desember 2009 (Nord-Amerika)
11. desember 2009 (Europa)
23. desember 2009 (Japan)
SjangerAction-eventyr
SpelemodusEnkeltspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 7
Nettstadhttp://www.zelda.com/spirittracks/
Del av serien The Legend of Zelda
←The Legend of Zelda: Phantom Hourglass  · The Legend of Zelda: Ocarina of Time 3D→

Oppsett endre

The Legend of Zelda: Spirit Tracks bygger på kontrolloppsettet frå The Legend of Zelda: Phantom Hourglass, der ein berre nyttar peikepennen til å styra Link og ta våpna hans i bruk. Nytt i spelet er at prinsessa Zelda følgjer med Link på eventyret og tilbyr han hjelp under visse høve. Zelda kan heimsøkja svære riddarar (engelsk Phantom Guardians) og dra fordel av styrken deira for å gje Link medverknad i å koma seg vidare. Prinsessa vert styrt ved at ein teiknar ein veg med peikepennen som ho kan følgja.

Spelet har òg ein modus for fleirspel der fire identiske figurar strir om å sanka inn fleire kraftsteinar (eng. Force Gems) enn motstandarane. Ein kan spela på seks ulike brett, og rundt om på desse finst det hjelpemiddel som kan gje ein fordelar over konkurrentane. Til skilnad frå fleirspelar-modusen i Phantom Hourglass stør ikkje Spirit Tracks speling over internett.[2]

Mottaking endre

Spirit Tracks har fått gjengs god kritikk frå spelpressa. Den USA-baserte nettstaden IGN gav spelet 9.3 poeng av 10 moglege, der ein meinte at spelet overgår kvalitetane i The Legend of Zelda: Phantom Hourglass og er blant dei beste spela på Nintendo DS.[3] GameSpot gav spelet 8.5 av 10, der spelet fekk ros for spennande katakombar og ei lang historie med fleire sideoppdrag, og ris for at det ikkje var særleg utfordrande.[4] Frå norsk side gav Dagbladet spelet terningkast 5, der omtalaren trekte gåtene i spelet og det langvarige og engasjerande eventyret fram som positive sider, medan spelet fekk trekk for at togkjøringa kunne verta langdryg til tider.[5] Gamer.no tildelte spelet 7 av 10, der omtalaren meinte at spelet dekkjer det ein forventar av ein Zelda-tittel, men at serien no byrjar å syna teikn på alderdom.[6]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre