The Little Old Lady from Pasadena

The Little Old Lady (from Pasadena)
Singel av Jan and Dean
frå albumet The Little Old Lady From Pasadena
B-side «My Mighty G.T.O.»
Utgjeve 8. juni 1964
Innspelt
Sjanger Surfemusikk
Lengd 2:45
Selskap Liberty Records
Låtskrivar(ar) Jan Berry, Don Altfeld, Roger Christian
Produsent Jan Berry for Screen Gems, Inc.
Jan and Dean-kronologi
«Dead Man's Curve»
(1964)
The Little Old Lady (from Pasadena) «Ride The Wild Surf»
(1964)


«The Little Old Lady (from Pasadena)» er ein song skriven av Don Altfeld, Jan Berry og Roger Christian, og spelt inn i 1964 av popsongarane Jan and Dean. Songen nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100-lista i 1964 og toppen av den kanadiske RPM-lista.[1]

Studiomusikarane som spelte på denne innspelingar (som i ettertid vert kalla The Wrecking Crew) bestod av Leon Russell på piano; Tommy Tedesco, Bill Pitman og Billy Strange på gitar; Ray Pohlman og Jimmy Bond på bass; og Hal Blaine og Earl Palmer på trommer.[2]

Jan & Dean skreiv om teksten frå «The Little Old Lady (from Pasadena)» i 1967 og kalla songen «Tijuana» for ein singel det same året. Teksten handla no om narkotika. «Tijuana» vart omsider gjeven ut i 2010 på albumet deira Carnival of Sound.

Songen vart framført på ein konsert med The Beach Boys i Sacramento Municipal Auditorium den 1. august 1954 for albumet deira Beach Boys Concert. The Beach Boys, og særleg Brian Wilson, var med å skrive fleire av dei store surfehittane til Jan & Dean.

KjelderEndra

  1. «Top Forty-5s». Library and Archives Canada. 11 August 1964. 
  2. «Phonograph Recording Contract» (PDF). American Federation of Musikars. Henta 8 June 2015. 

BakgrunnsstoffEndra