Jimmy Bond
James Edward Bond Jr. (27. januar 1933–26. april 2012), kjend som Jimmy Bond, var ein USA-amerikansk kontrabassist, arrangør og komponist, som spelte med mange leiande artistar innan jazz, blues, folk og rock mellom 1950-åra og 1980-åra.
Jimmy Bond | |||
Fødd | 27. januar 1933 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Philadelphia i USA | ||
Død | 26. april 2012 (79 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles i California i USA | ||
Fødenamn | James Edward Bond Jr. | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Tidleg i 1950-åra til seint i 1980-åra | ||
Sjanger | Jazz, R&B, pop, folk, gospel | ||
Instrument | Kontrabass | ||
Verka som | Musikar, komponist, arrangør |
Han har mellom anna spelt med Charlie Parker, Thelonious Monk, Gene Ammons, Chet Baker, Ella Fitzgerald, Sonny Rollins og George Shearing i 1950-åra.[1]
Han flytta til Los Angeles i 1959 og vart fast bassist på nattklubben Renaissance på Sunset Boulevard, der han spelte med Ben Webster. Art Pepper, Jim Hall og Jimmy Giuffre, og var i studio med Paul Horn. Frå 1962 vart han studiomusikar i Los Angeles.[1] Frå då og fram til tidleg i 1970-åra, og stundom inn i 1980-åra, spelte han på hundrevis av innspelingar innan både jazz, rock, pop, folk og gospel. Han vart ein av medlemmane i The Wrecking Crew, ei gruppe studiomusikarar som ofte arbeidde for Phil Spector. Andre musikarar han spelte med var mellom andre Randy Newman, Frank Zappa, Tim Buckley, The Jazz Crusaders, Nina Simone, Lightnin' Hopkins, Jimmy Witherspoon, Linda Ronstadt, Henry Mancini, Lou Rawls, Tony Bennett og B.B. King.[2][3] Han arbeidde òg gradvis meir og meir som arrangør i lag med produsentane Nik Venet, David Axelrod og andre, i tillegg til at han komponerte og arrangerte jinglar for radio.[3]
Diskografi
endreMed Curtis Amy
- Groovin' Blue (Pacific Jazz, 1961) med Frank Butler
Med Earl Anderza
- Outa Sight (Pacific Jazz, 1962)
Med Chet Baker
- Chet Baker Sings (Pacific Jazz, 1956)
Med Louis Bellson
- Big Band Jazz from the Summit (Roulette, 1962)
Med Tim Buckley
- Goodbye and Hello (Elektra, 1967)
- With Terry Gibbs
- That Swing Thing! (Verve, 1961)
Med Joe Gordon
- Lookin' Good! (Contemporary, 1961)
- Lightnin' Strikes (Verve Folkways, 1966)
- Something Blue (Verve Forecast, 1967)
Med Paul Horn
- Something Blue (HiFi Jazz, 1960)
- The Sound of Paul Horn (Columbia, 1961)
- Freedom Sound (Pacific Jazz, 1961)
- Lookin' Ahead (Pacific Jazz, 1962)
- The Festival Album (Pacific Jazz, 1966)
Med Irene Kral
- Wonderful Life (Mainstream, 1965)
Med Julie London
- Feeling Good (Liberty, 1965)
Med Brownie McGhee og Sonny Terry
- Down South Summit Meetin' (World Pacific, 1960) med Lightnin' Hopkins og Big Joe Williams
- A Long Way from Home (BluesWay, 1969)
- I Couldn't Believe My Eyes (Bluesway, 1969 [1973])
Med Frank Morgan
- Frank Morgan (Gene Norman Presents, 1955)
Med Gerry Mulligan
- If You Can't Beat 'Em, Join 'Em! (Limelight, 1965)
- Feelin' Good (Limelight, 1966)
Med Nina Simone
- Little Girl Blue (Bethlehem, 1959)
- Nina Simone and Her Friends (Bethleham, 1959)
Med Art Pepper
Med Jim Sullivan
- U.F.O. (Monnie, 1969)
Med Gerald Wilson
- You Better Believe It! (Pacific Jazz, 1961)
- Moment of Truth (Pacific Jazz, 1962)
Med Jimmy Woods
- Awakening!! (Contemporary, 1962)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jimmy Bond (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 John Voight, The New Grove Dictionary of Jazz, Macmillan, 1988, at www.theloniousrecords.com Arkivert 2013-05-25 ved Wayback Machine.. Henta 28. november 2020
- ↑ Biography by Eugene Chadbourne, Allmusic.com. Henta 28. november 2020
- ↑ 3,0 3,1 Mike Lang, «An Appreciation: Jimmy Bond 1933 – 2012», The International Review of Music. Henta 28. november 2020