The Loneliest Guy

The Loneliest Guy
Song av David Bowie
frå albumet Reality
Utgjeve 2003
Innspelt The Looking Glass Studios, New York City
Sjanger Rock
Lengd 4:11
Selskap Iso/Columbia
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Tony Visconti

«The Loneliest Guy» er ein song skriven av David Bowie i 2003 for albumet Reality. Det ein langsam minimalistisk song. James E. Perone sa «Bowies karakter lever òg i fornekting: trass i glasskåra han finn i nærleiken av vindauga sitt, det einsame livet han lever, og 'alle sidene som har snudd', uttrykker han trua på at han ikkje er 'den einsamaste fyren' i verda, men snarare 'den heldigaste fyren'.»[1] Biografen skriv òg: «Det langsame, høgtidelege tempoet i stykket, dei lange setningane som blir sungne med ein sakte pulserande vibrato indikerer ei djup sorg.»[1]

Pianoet er spelt av den mangeårige Bowie-pianisten Mike Garson i ein enkel form som fekk David Buckley til å kome med ein analogi til «psykotiske» på Bowie-albumet Outside (1995), sjølv om han konkluderer: «Vokalen til Bowie, skjelvande og ustabil, er berre or mykje. Som skribenten Alex Petridis seier det, var songen diverre 'overkokt'.»[2]

Lou Reed likte songen og skreiv for Rolling Stone: «Han endrar seg alltid, så du vert aldri lei av kva han gjer. Og eg meiner heile vegen opp til dei seinare albuma hans så er 'The Loneliest Guy' på albumet Reality ein flott song. Nok ein.»[3]

Konertversjonar endre

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 James E. Perone, The words and music of David Bowie, Greenwood Publishing Group, 2007, p.139. ISBN 0-275-99245-4
  2. David Buckley, Strange fascination: David Bowie, the definitive story, Virgin Books, 2005, p.499. ISBN 0-7535-1002-2
  3. Lou Reed. «100 Greatest Artists: David Bowie Arkivert 2011-09-02 ved Wayback Machine.». Rolling Stone. Consulted on 20. september 2021.

Bakgrunnsstoff endre