Victor Hayden

(Omdirigert frå The Mascara Snake)

Victor Hayden (1. januar 1948 som Victor Haydon–7. desember 2018, òg kjend under scenenamnet The Mascara Snake, var ein USA-amerikansk målar og musikar. Han var syskenbarnet til Don Van Vliet,[1] betre kjend som Captain Beefheart. Hayden vart med i Beefheart sitt Magic Band som gjestemusikar på bassklarinett i 1968, men er berre med på albumet Trout Mask Replica frå 1968. Han spelte med bandet på scenen på Amougies-festivalen i Mont-de-l'Enclus i Belgia i oktober 1969.[2]

Victor Hayden

Victor Hayden i huset der Trout Mask Replica vart øvd inn og spelt inn i 1968.
Fødd1948
Død7. desember 2018 (70 år)
OpphavUSA
Instrumentklarinett
Verka somkunstmålar, musikar

Hayden var med å skipe Alchemy Records i 1986 med Mark Deutrom, og arbeidde der fram til 1991. Frå 2007 til 2018 var han talentsjef i PIG Records.[2] Etter å ha møtt The Mascara Snake kalla John Frusciante ein song «Mascara» på det første albumet sitt Niandra LaDes and Usually Just a T-Shirt.[3] Hayden måla eit måleri som vart nytta som plateomslag på Beefheart-albumet Bluejeans & Moonbeams i 1974.

Frå 1991 og frametter har Hayden i fleire periodar hatt kunstustillingar, mellom anna i New York City.[4] and 2019 at Lisa Derrick Fine Arts in Los Angeles.[5]

Hayden døydde 7. desember 2018 frå komplikasjonar etter å ha blitt råka av ein bil.[6]

Kjelder endre