Bluejeans & Moonbeams

Bluejeans & Moonbeams
Studioalbum av Captain Beefheart og The Magic Band
Utgjeve November 1974
Innspelt August 1974
Stronghold Sound Recorders i North Hollywood
Sjanger Rock
Lengd 36:50
Selskap Mercury (USA), Virgin (Storbritannia)
Produsent Andy DiMartino
Captain Beefheart og The Magic Band-kronologi 
Unconditionally Guaranteed
(1974)
Bluejeans & Moonbeams Bongo Fury
(1975)


Bluejeans & Moonbeams er det niande studioalbumet til Captain Beefheart og The Magic Band, utgjeve i 1974. Trass i den ukarakteristiske kommersielle stilen, selde albumet dårleg.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
Christgau's Record GuideB–[2]
The Captain Beefheart Radar Station(middels)[3]

Produksjon og utgjeving endre

Utan musikalsk opplæring eller erfaring på instrument, hadde Van Vliet gjennom heile karrieren vore avhengig av ein musikalsk leiar i bandet som kunne omsetje dei ofte uortodokse ideane hans til ei form som var mogeleg å framføre. Denne rolla hadde dels vore fylt av Alex St. Clair, John French og Bill Harkleroad på tidlegare album. No hadde heile Magic Band slutta etter innspelinga av det førre albumet hans og han hadde ikkje lenger nokon i denne rolla. Albumet vert derfor generelt rekna som botnpunktet i den musikalske karrieren hans. Ein av musikarane på plata, Micheal Smotherman, sa «Don var forvirra gjennom heile prosessen ... eg pressa andletet hans opp til mikrofonen og han byrja å syngje. Og når det var på tide å stoppe, så drog eg han litt attende.»[4]

Albumet har likevel inspirert fleire artistar. Ein tidleg White Stripes-EP kalla Party of Special Things to Do (2001) inneheld tre songar av Beefheart, inkludert opningssporet på dette albumet. Kate Bush vart intervjua i Smash Hits og rekna dette som eit av dei ti favorittalbuma hennar.[5] Mercury Rev spelte «Observatory Crest» for ei BBC-innspeling i 1999, som vart gjeven ut som B-side til singelen «Little Rhymes» i 2002.[6]

John French lytta til albumet igjen i 2017, visstnok for første gongen sidan albumet kom ut, og sa at det høyrdest ut som om Van Vliet nesten hadde gått seg vill enkelte stader, som om han «verkeleg ikkje visste kvar han skulle syngje» – og at «det må ha vore vanskeleg for han å fungere i det miljøet». I følgje French, sa Van Vliet sjølv at det einaste som var bra med albumet var plateomslaget av syskenbarnet, Victor Hayden.[7]

Plateomslag endre

Plateomslaget ser eit måleri av venen og syskenbarnet til Van Vliet, Victor Hayden, som òg deltek på Trout Mask Replica med kallenamnet Beefheart gav han, The Mascara Snake.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Party of Special Things to Do» (Don Van Vliet, Elliot Ingber)2:48
2.«Same Old Blues» (J.J. Cale)4:00
3.«Observatory Crest» (Van Vliet, E. Ingber)3:32
4.«Pompadour Swamp» (Van Vliet)3:32
5.«Captain's Holiday» (R. Feldman, W. Richmond, S. Hickerson, C. Blackwell)5:43
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Rock 'n Roll's Evil Doll» (Van Vliet, Mark Gibbons, Ira Ingber)3:20
2.«Further Than We've Gone» (Van Vliet)5:31
3.«Twist ah Luck» (Van Vliet, Gibbons, I. Ingber)3:22
4.«Bluejeans & Moonbeams» (Van Vliet)5:02

Medverkande endre

Musikaren på denne utgåva av The Magic Band spelte ikkje på andre Beefheart-album. Fleire av dei som hadde spelt på Unconditionally Guaranteed og tidlegare album hadde slutta og skipa gruppa Mallard.

Andre medverkande
  • Ira Ingber – bass
  • Bob West – bass på «Observatory Crest»
  • Gene Pello – trommer
  • Jimmy Caravan – klaverinstrument, stjernemaskin
  • Mark Gibbons – klaverinstrument

Kven som spelte på «Captain's Holiday» er ikkje kjend. Sporet vart visstnok funnen på eit lydband i studio. Munnspelet på sporet vert ikkje spelt av Captain Beefheart (i følgje hans sjølv).

Kjelder endre

  1. Mason, Stewart (2011). «Bluejeans & Moonbeams – Captain Beefheart & the Magic Band». AllMusic. Henta 26. april 2020. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: C». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 23. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. «Beefheart: No More Magic». The Captain Beefheart Radar Station. 2011. Arkivert frå originalen 9. juli 2011. Henta 26. april 2020. 
  4. Little, Michael H. (24. august 2015). «Graded on a Curve: Captain Beefheart and the Magic Band, Bluejeans & Moonbeams». The Vinyl District. Henta 26. april 2020. 
  5. «1001 Songs: Kate Bush All Time Top Ten Fave Albums». 1001-songs.blogspot.co.uk. 12. november 2011. Henta 26. april 2020. 
  6. «Mercury Rev: «Little Rhymes»». Discogs. 
  7. «The Drumbo Club». Imgur. Henta 26. april 2020.