Trout Mask Replica

Trout Mask Replica
Studioalbum av Captain Beefheart and his Magic Band
Språk engelsk
Utgjeve 16. juni 1969
Innspelt August 1968 – mars 1969
Studio
Sjanger
Lengd 78:51
Selskap Straight
Produsent Frank Zappa
Captain Beefheart and his Magic Band-kronologi 
Strictly Personal
(1968)
Trout Mask Replica Lick My Decals Off, Baby
(1970)


Singlar frå Trout Mask Replica
  1. «Pachuco Cadaver»
    Utgjeve: 1970[1]

Trout Mask Replica er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet Captain Beefheart and his Magic Band, gjeve ut som eit dobbeltalbum den 16. juni 1969 på Straight Records. Her kombinerte dei element av R&B, garasjerock og blues med frijazz, avantgarde og andre sjangrar innan amerikansk musikk,[2] og albumet vert rekna som eit viktig verk innan eksperimentell musikk og kunstrock.[3]

Det meste av albumet var produsert av Frank Zappa og spelt inn i mars 1969 i Whitney Studios i Glendale i California, etter åtte månader med intense øvingar i eit lite leigehus i Los Angeles. Besetninga i The Magic Band på denne tida bestod av Bill Harkleroad og Jeff Cotton på gitar, Mark Boston på bassgitar, Victor Haydenbassklarinett og John French på trommer og perkusjon. Beefheart spelte fleire blåseinstrument, inkludert saksofon, musette, og naturhorn, i tillegg til det meste av vokalen. Zappa og medlemmar av bandet bidrog stundom med vokal og forteljing. Det innøvde Magic Band spelte inn det meste av instrumentspora for albumet i ei enkel, seks timar lang innspeling. Vokalen og blåsarane til Van Vliet var lagt til dei neste par dagane.

Trout Mask Replica selde dårleg då det kom ut i USA, der det ikkje gjekk inn på noko liste. Det gjekk betre i Storbritannia, der det låg ei veke på 21. plassen på UK Albums Chart.[4] I nyare år har derimot Trout Mask Replica blitt rekna som eit meisterverk i karrieren til Van Vliet, i tillegg til å vere ei viktig inspirasjonskjelde for mange seinare artistar.[2] Den særs ukonvensjonelle musikkstilen, som omfattar polyrytme, multi-oktav-vokal og polytonalitet, polariserer stadig publikum og har gjeve albumet eit rykte om å vere ei av dei mest utfordrande innspelingane på 1900-talet. Det vart rangert på 60. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, og finst på liknande lister som Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums, der det vart stemt inn på 50. plassen i den tredje utgåva (2000). Larkin skreiv «... ei utfordrande og utruleg plate». Steve Huey skreiv i AllMusic at «den inspirerande revurderinga over kva som mogeleg innan rocken la grunnlaget for talrike framtidige eksperiment innan surrealistisk rock, særskild innan punk/new wave».[2]

Bakgrunn endre

Captain Beefheart og hans Magic Band hadde ei historie med vanskelege forhold til plateselskapa. A&M Records gav ut den første singelen deira, ein versjon av Bo Diddley sin «Diddy Wah Diddy», men droppa kontrakten etter at ingen av dei to første singlane deira vart hittar. Buddah Records gav ut debutalbumet deira, Safe as Milk i 1967. Men då selskapet byrja å fokusere på tyggegummi-pop, der Captain Beefheart overhovudet ikkje høyrde heime, fann bandet seg igjen utan platekontrakt. Seint i 1967 og våren 1968 hadde dei fleire innspelingar av det som vart albuma Strictly Personal og Mirror Man.[5] Men på grunn av usikre kontraktsforhold, var dei uvisse om materialet kom til å bli gjeve ut. På denne tida starta skulevenen til Van Vliet, Frank Zappa, sine eigne plateselskap, Bizarre og Straight, og tilbaud Captain Beefheart, eit namn Zappa hadde gjeve han, høvet til å spele inn eit album med full kunstnarisk fridom.

For å førebu seg, øvde bandet til Van Vliet inn vanskelege komposisjonar i åtte månadar, og budde i lag i eit lite hus dei leigde i Woodland Hills i Los Angeles. Van Vliet implementerte visjonen sin ved å ta fullstendig kunstnarisk og kjenslemessig kontroll over musikarane. Fleire gonger vart eit medlem i bandet «sett i tønna» der Van Vliet kjefta på han kontinuerleg, stundom i dagevis, før musikaren kollapsa i tårer eller totalt underkasta Van Vliet.[6] I følgje John French og Bill Harkleroad, bestod desse dagane ofte av fysisk vald. French skildra situasjonen som «kultaktig»,[7] og ein ven som kom på vitjing sa at «miljøet i det huset minna om Manson».[8] Inntektene deira var òg dårlege, og dei levde berre av velferd og bidrag frå slektningar, og bandet overlevde på minimalt med mat. French har fortalt at han levde på ein liten kopp med soyabønner om dagen i ein månad,[9] og ein gonge vart bandmedlemmar arresterte for å ha stole mat frå ein butikk. Zappa måtte kausjonere dei ut.[10] Ein vitjande sa at dei såg ut som «kadaver» og at «dei såg alle ut til å ha dårleg helse». Bandmedlemmane fekk ikkje forlate huset og øvde i opp til 14 timar eller meir per dag. Van Vliet sa ein gong til trommeslagaren John French at han hadde fått diagnosen paranoid schizofreni, og at han ville sjå ikkje-eksisterande konspirasjonar som forklarte denne oppførselen.[11]

Innspeling endre

«Moonlight on Vermont» og «Veteran's Day Poppy» vart spelt inn i Sunset Sound Recorders i august 1968 kring sju månader før resten av songane. Desse songane vart spelt inn av Van Vliet, Bill Harkleroad og Jeff Cotton på gitar, John French på trommer og venen til Van Vliet, Gary Marker, på bass for Jerry Handley, som nyleg hadde slutta. Kring ein månad seinare kom Mark Boston inn i bandet som fast bassist. Besetninga med Van Vliet, Harkleroad, Cotton, French og Boston spelte inn resten av spora, med syskenbarnet til Van Vliet, Victor Hayden stundom som gjesteartist på bassklarinett og vokal.

Zappa føreslo opphavleg å spele inn albumet som ei «etnisk feltinnspeling» i huset der bandet budde. Bandet arbeidde med Zappa og lydteknikaren Dick Kunc, og spelte inn nokre provisoriske akkompagnement i huset i Woodland Hills, og for å få til lydseparasjon, spelte dei inn dei forskjellige instrumenta i forskjellige rom. Zappa meinte desse provisoriske innspelingane vart bra, men Van Vliet mistenkte at Zappa berre prøvde å få til innspelinga så billig som mogeleg og insisterte i staden på å bruke eit profesjonelt studio. Zappa sa at tilnærminga til Van Vliet var at det var «umogeleg å fortelja han kvifor ting burde vere slik og slik. Det verka på meg som om han skulle skape eit unikt objekt, og det beste for meg var å halde kjeft så mykje som mogeleg og berre la han gjere det han ønskte uansett om eg meinte det var feil eller ikkje.»[9] «Hair Pie: Bake 1», eit av spora spelte inn av Zappa og Kunc i huset, kom med på det endelege albumet. Tre andre spor på albumet vart spelte inn på ein kassettopptakar i huset: dei uakkompagnerte dikta «The Dust Blows Forward 'n The Dust Blows Back» og «Orange Claw Hammer», og den improviserte bluesen «China Pig» med det tidlegare Magic Band-medlemmen Doug Moon på gitar. «The Blimp» vart spelt inn av Zappa i studioet hans over telefon med Van Vliet før sjølve albuminnspelinga. Jeff Cotton vart sett til å lese opp det siste diktet til Van Vliet, som Zappa spelte inn og la over eit akkompagnement av Mothers of Invention og kalla «Charles Ives».[12]

Då dei kom i studio spelte bandet inn tjue instrumentale spor i ei enkel, seks timar lang innspeling.[13] Van Vliet brukte så dei neste dagane til å legge over vokal. Istaden for å syngje med instrumentalspora i hovudtelefonar, høyrde han berre så vidt lyden gjennom studiovindauget.[14] Derfor er vokalen noko usynkronisert med resten av musikken. Då han seinare vart spurt om denne synkroniseringa sa han «Det er det dei gjer før eit kommandoraid, er det ikkje?»[15]

Van Vliet brukte den påfølgjande publisiteten, særskild eit intervju med Rolling Stone og Langdon Winner i 1970 til å fremje fleire myter, som sidan vart sitert som fakta. Artikkelen sa til dømes at verken Van Vliet eller bandmedlemmane tok narkotika, men både Harkleroad og French har seinare avvist dette.[16] Van Vliet hevda òg at han lærte opp Harkleroad og Mark Boston å spele frå byrjinga av, men dei var begge dugande musikarar då dei kom med i bandet.[14] Van Vliet tok òg all æra for låtskriving og arrangert, noko dei andre medlemmane har sterkt strida mot i seinare år.[17]

Komposisjon endre

I følgje Van Vliet vart alle songane på albumet skrivne i ein omgang på åtte timar. Bandmedlemmane har sidan sagt at to av songane («Moonlight on Vermont» og «Sugar 'n Spikes») vart skrivne i desember 1967, medan «Veteran's Day Poppy» vart skriven seint i mai eller tidleg i juni 1968. Det meste av resten av songane vart skrivne over ein periode på fleire månader på sommaren og hausten 1968 i ein prosess med mykje eksperimentering. Ei inspirasjonskjelde til låtane var eit lydband venen til Van Vliet, Gary Marker, hadde spelt for han. Marker, som var ein aspirerande lydteknikar, hadde lært seg korleis han skulle spleise lydband. Han øvde seg ved å kombinere forskjellige delar av forskjellige innspelingar, slik at dei glei saumlaust over i kvarandre og opprettheldt ein konstant rytme, trass i at dei kom frå forskjellige kjelder. Då Van Vliet høyrde lydbandet sa han «Det er det eg vil ha!»[18]

Van Vliet brukte eit piano, eit instrument han aldri hadde spelt før, som hovudinstrument for å komponere musikken. Sidan han ikkje hadde noko erfaring med piano og ingen vanleg musikalsk lærdom i det heile, klarte han å eksperimentere med eit par føredømmande idear om musikalsk form eller struktur. Van Vliet sat ved pianoet til han fann eit rytmisk eller melodisk mønster han likte, typisk berre ein takt eller to lang. Då Van Vliet var ferdig, kunne French så setje saman desse fragmenta til komposisjonar, på liknande vis som Marker hadde spleisa saman lydbanda sine. French valde ut kva instrument som skulle spele kva part og lærte det vidare til dei andre musikarane, sjølv om Van Vliet hadde siste ordet. Bandmedlemmen Bill Harkleroad har fortalt «kor tilfeldig dei individuelle delane vart gjort, og korleis dei vart sett saman med kirurgisk presisjon etterpå». Då dei var ferdige, vart kvar song spelt nøyaktig på same måten kvar gong, og all improvisasjon vart fjerna til fordel for måten klassisk musikk gjerne vert komponert på.

French har fortalt at tre fjerdedelar av songane vart komponerte på piano. REsten består hovudsakleg av partar som vart plystra av Van Vliet. I eit par tilfelle vart delar av ein song komponert på piano, medan andre delar vart plystra. Tre av stykka var uakkompagnerte opplesingar («Well», «The Dust Blows Forward and the Dust Blows Back» og «Orange Claw Hammer») medan ein var ein spontant improvisasjon («China Pig»). «Bill's Corpse» fekk dette namnet etter den avmagra tilstanden Bill Harkleroad hadde før han forlet ein LSD-kult for å bli med i bandet, og kanskje til tilhøva Van Vliet skapte i huset deira.[19] Van Vliet kalla songen «Dali's Car» ein «studie i dissonans».[20] «Hobo Chang Ba» var basert på Van Vliet sine soger «som ein ung tenåring i Mojave då han hang med uteliggjarane. Han sa dei var verkeleg kjekke folk og han vart kjend med dei som var der fast.»[21] John French sa om at «Old Fart at Play», «at det var aldri meininga at han skulle ha denne teksten. Dette var den einaste gongen eg såg Zappa aggressivt setje på seg 'produsenthatten' og utøve viljen sin på Don. Den originale tittelen på songen var 'My Business Is the Truth, Your Business Is a Lie'.»[22]

Fleire av komposisjonane inneheld korte passasjar frå andre songar. Somme var barndomsminne, som Gene Autry-innspelinga «El Rancho Grande», som ei av gitarlinjene i «Veteran's Day Poppy» var henta frå, eller «Shortnin' Bread»-melodien nytta i «Pachuco Cadaver». Andre var av nyare dato, som sitatet «come out to show dem [them]» frå Steve Reich sin «Come Out» nytta i «Moonlight on Vermont», eller eit melodisk utdrag frå Miles Davis-innspelinga Concierto de Aranjuez, som vart nytta som grunnlag for mellomspelet på «Sugar 'n Spikes». Slutten av «Moonlight on Vermont» inneheld òg refrenget frå spiritualen «Old-Time Religion». Ein ikkje-musikalsk inspirasjon var kunsten til Salvador Dalí. Instrumentalen «Dali's Car» var inspirert av synet bandet hadde på ein installasjon av Dalí sitt Rainy Taxi.[23]

Mottaking og ettermæle endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [24]
Encyclopedia of Popular Music     [25]
Pitchfork10/10[26]
Q     [27]
Rolling Stone(positiv)[28]
Rolling Stone Album Guide     [29]

Trout Mask Replica vert rekna som Captain Beefheart sitt magnum opus,[30] og er inne på mange lister over dei beste albuma gjennom tidene.[31] BBC-programleiaren John Peel sa om albumet at «om det har vore noko i historia om popmusikk som kan skildrast som eit kunstverk på ein måte som folk som er involvert i andre område enn kunstverda kan forstå, så er Trout Mask Replica truleg det verket.»[32] Lester Bangs skreiv at «det var ikkje ein gong føre si tid i 1969. Då og no står det utafor tida, trendar, mote, stiginga og fallet til heile sjangrar som å gå rundt juletreet, og dannar sin eigen sjanger. Ein musikalsk monolitt om det nokon gong har vore noko slikt.»[33] Steve Huey i AllMusic hylla albumet som «fantastisk nyskapande», og skreiv at innverknaden det hadde «var meir merkbar i anda enn at nokon kopierte det, som ein katalysator heller enn eit bokstavleg musikalsk startpunkt. Men den inspirerande revurderinga over kva som mogeleg innan rocken la grunnlaget for talrike framtidige eksperiment innan surrealistisk rock, særskild innan punk/new wave[2]

Det uvanlege albumet har ofte framandgjort lyttarane. Teiknefilmskaparen og forfattaren Matt Groening fortalde om då han lytta til Trout Mask Replica då han var femten år gammal: «Eg synst det var det verste eg nokon gong hadde høyrt. Eg sa til meg sjølv at dei prøver ikkje ein gong! Det er berre slurvete kakafoni. Så lytta eg til det eit par gonger til, fordi eg kunne ikkje tru at Frank Zappa ville gjere dette mot meg - og fordi eit dobbeltalbum kosta ganske mykje. Kring tredje gongen forstod eg kva dei prøvde på. Det var meininga at det skulle høyrast nøyaktig ut som dette. Etter sjette eller sjuande gongen fall brikkene på plass og syntest det var det beste albumet eg nokon gong hadde høyrt».[9][34] John Harris i The Guardian diskuterte ideen om at albumet krev fleire gjennomlyttingar for å «forstå det», og konkluderte med at det framleis høyrtest «forferdeleg» ut etter seks gjennomlyttingar.[35] Kritikaren Robert Christgau gav albumet B+ og sa at «rarheita» hindra han frå å gje det ein høgare karakter. Han skreiv at det var «flott spelt på høgt volum når du føler deg som ein drit, fordi du kjenner deg aldri så bedritent som denne plata».[36] Filmskaparen David Lynch har kalla Trout Mask Replica favorittalbumet hans[37][38] og John Lydon har sagt det er eit av albuma som forma han og hevda «det var antimusikk på ein særs interessant og sinnsforvirra måte ... alle feilnotane eg fekk kjeft for av læraren vart endeleg gjevne ut av kjende artistar. Det var stadfestinga mi. frå då av var det rom for alt mogeleg.»[39] Langdon Winner kalla albumet «det mest forbløffande og viktigaste kunstverket som nokonsinne er festa på ei fonografplate».[40]

I heftet til The Mothers of Invention-plata Uncle Meat var ei lita bok som inneheld referansar til songane «Pachuco Cadaver» og «Moonlight on Vermont». I eit intervju i oktober 1991 med Guitar Player sa gitaristen John Frusciante i Red Hot Chili Peppers då han vart spurt om inspirasjonskjeldene sine at «den viktigaste inspirasjonen er utan tvil spelinga til Zoot Horn Rollo på Captain Beefheart sitt Trout Mask Replica. Om eg lyttar til det når eg står opp om morgonen, vert det garantert ein dag med utemma kreativitet.»[41]

I 2003 vart albumet rangert på 58. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. På den reviderte lista frå 2012 vart albumet flytta til 60. plassen:[42] «Ved første gjennomlytting høyrest Trout Mask Replica ut som rå Delta blues», der Beefheart «syng og og kjem med tiradar og les opp dikt over spreidde delar av gitar. Men det tilsynelatande lydkaoset er ein illusjon ... Spor som 'Ella Guru' og 'My Human Gets Me Blues' er direkte føregangarar til moderne, primitiv musikk som Tom Waits og PJ Harvey».[43] I boka si The Alternative Music Almanac frå 1995 plasserer Alan Cross albumet på andreplassen på lista si over 10 klassiske alternative album. I 1995 sette magasinet Mojo albumet på 28. plassen på lista si over dei 100 beste albuma gjennom tidene[44] og 51. plassen på lista si over 100 plater som endra verda.[45] Albumet vart òg inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[46] Forfattaren Al Spicer kalla det «på mange måtar det ultimate bluesalbumet, som formidlar intense opplevingar under intenst press».[47]

Gitarvirtuosen Steve Vai hylla òg albumet og sa at første gongen han høyrte det var han forskrekka over kor ustemt det var og av vokalen til Van Vliet, men etter å ha møtt han gav han albumet ein sjanse til og samanlikna det med «ei frigjeving».[48] Den 6. april 2011 vart albumet lagt til USA National Recording Registry for 2010 av Library of Congress.[49]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Don Van Vliet og arrangert av John French.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Frownland»1:41
2.«The Dust Blows Forward 'n the Dust Blows Back»1:53
3.«Dachau Blues»2:21
4.«Ella Guru»2:26
5.«Hair Pie: Bake 1» (instrumental)4:58
6.«Moonlight on Vermont»3:59
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Pachuco Cadaver»4:40
2.«Bill's Corpse»1:48
3.«Sweet Sweet Bulbs»2:21
4.«Neon Meate Dream of a Octafish»2:25
5.«China Pig»4:02
6.«My Human Gets Me Blues»2:46
7.«Dali's Car» (instrumental)1:26
Side tre
Nr.TittelLengd
1.«Hair Pie: Bake 2» (instrumental)2:23
2.«Pena»2:33
3.«Well»2:07
4.«When Big Joan Sets Up»5:18
5.«Fallin' Ditch»2:08
6.«Sugar 'n Spikes»2:30
7.«Ant Man Bee»3:57
Side fire
Nr.TittelLengd
1.«Orange Claw Hammer»3:34
2.«Wild Life»3:09
3.«She's Too Much for My Mirror»1:40
4.«Hobo Chang Ba»2:02
5.«The Blimp (Mousetrapreplica)»2:04
6.«Steal Softly thru Snow»2:18
7.«Old Fart at Play»1:51
8.«Veteran's Day Poppy»4:31
Total lengd:78:51

Medverkande endre

Musikarar

Andre medverkande

  • Doug Moon – akustisk gitar på «China Pig»
  • Gary «Magic» Marker – bassgitar på «Moonlight on Vermont» og «Veteran's Day Poppy» (ikkje oppført)
  • Roy Estrada – bassgitar på «The Blimp» (ikkje oppført)
  • Arthur Tripp III – trommer og perkusjon på «The Blimp» (ikkje oppført)
  • Don Preston – piano på «The Blimp» (ikkje oppført)
  • Ian Underwoodaltsaksofon på «The Blimp» (ikkje oppført/ikkje mogeleg å høyre)
  • Bunk Gardnertenorsaksofon på «The Blimp» (ikkje oppført/ikkje mogeleg å høyre)
  • Buzz Gardner – trompet på «The Blimp» (ikkje oppført/ikkje mogeleg å høyre)
  • Frank Zappa – talte ord på «Pena» og «The Blimp» (ikkje oppført); lydteknikar (ikkje oppført); produsent
  • Richard «Dick» Kunc – talte ord på «She's Too Much for My Mirror» (ikkje oppført); lydteknikar
  • Cal Schenkel – albumdesign
  • Ed Caraeff og Cal Schenkel – fotografi

Kjelder endre

  1. Johnston, Graham. «The Captain Beefheart Radar Station – Official Singles». Beefheart.com. Henta 25. april 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Steve Huey. «Trout Mask Replica > Review». AllMusic. Henta 25. april 2020. 
  3. Vozick-Levinson, Simon (17. desember 2010). «Captain Beefheart, a.k.a. Don Van Vliet, dies at 69». Entertainment Weekly. New York City: Meredith Corporation. Henta 25. april 2020. 
  4. Brown, Tony; Kutner, Tony; Warwick, Neil (2004). The Complete Book of the British Charts: Singles & Albums. Omnibus Press. s. 205. 
  5. «Search Results for CAPTAIN BEEFHEART from Piccadilly Records». piccadillyrecords.com. Henta 25. april 2020. 
  6. «vanity project interviews: The Magic Band». Vpinterviews.blogspot.com. 21. april 2005. Henta 25. april 2020. 
  7. «Burundo Drumbi! – John French's Series of Q&As, 2000/1». The Captain Beefheart Radar Station. Arkivert frå originalen 13. desember 2007. Henta 25. april 2020. 
  8. Barnes, Mike. Captain Beefheart. Quartet Books, ISBN 0-7043-8073-0.
  9. 9,0 9,1 9,2 Elaine Shepard (Producer), Declan Smith (Film research). The Artist Formerly Known as Captain Beefheart. [Documentary]. BBC. 
  10. French 2010, s. 389–391.
  11. teejo. «captain beefheart – interview magic band member – drumbo's old dress (part of 'french redressing') – 2004». Henta 25. april 2020. 
  12. Courier, Kevin (2007). Captain Beefheart's Trout Mask Replica. New York City: Bloomsbury Publishing USA. 
  13. Miles, Barry (2005). Zappa: A Biography. Grove Press. s. 182–183. 
  14. 14,0 14,1 Chusid, Irwin (2000). Songs in the Key of Z: The Curious Universe of Outsider Music. London, England: Cherry Red Books. s. 129–140. ISBN 1-901447-11-1. 
  15. From Zig Zag magazine, No. 8, 1969 (as cited by M. Barnes in Captain Beefheart)
  16. French, s. 291, 301
  17. French s. 356–387
  18. Captain Beefheart: Under Review. Music Video Distributors. 
  19. French, s. 802–803
  20. French, s. 805–806
  21. French, p. 810
  22. French, p. 813
  23. Captain Beefheart's 'Trout Mask Replica': An Astonishingly Puzzling Adventure - Odyssey
  24. Huey, Steve. «AllMusic review». AllMusic. Henta 25. april 2020. 
  25. Larkin, Colin (2011). Encyclopedia of Popular Music (5. utg.). Omnibus Press. s. 3074. ISBN 978-0857125958. 
  26. «Captain Beefheart and His Magic Band - Trout Mask Replica Review». Pitchfork. Henta 28. april 2018. 
  27. «Q». Q: 136. November 1994. Arkivert frå originalen 2. januar 2013. Henta 5. februar 2018. 
  28. Bangs, Lester (26. juli 1969). «Trout Mask Replica». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (38): 37. Arkivert frå originalen 16. september 2015. Henta 10. september 2015. 
  29. «Rolling Stone Album Guide – 5 Star Record List 1983». Rocklist.net. Henta 25. april 2020. 
  30. Buckley, Peter (2003). The Rough Guide to Rock (på engelsk). Rough Guides. ISBN 9781843531050. 
  31. «Acclaimed Music». acclaimedmusic.net. Henta 25. april 2020. 
  32. Barnes, Mike (February 1999). «Captain Beefheart and the Magic Band: Trout Mask Replica». Perfect Sound Forever. Arkivert frå originalen 20. november 2011. Henta 25. april 2020. 
  33. Bangs, Lester (10. desember 2008). Main Lines, Blood Feasts, and Bad Taste: A Lester Bangs Reader (på engelsk). Knopf Doubleday Publishing Group. ISBN 9780307487896. 
  34. Graham Johnston. «The Captain Beefheart Radar Station – Plastic Factory». Beefheart.com. Arkivert frå originalen 14. oktober 2009. Henta 25. april 2020. 
  35. Harris, John (4. august 2006). «Mission: unlistenable». The Guardian (London). Henta 25. april 2020. 
  36. Christgau, Robert (1. desember 2006). «CG: Artist 222». robertchristgau.com. Henta 25. april 2020. 
  37. David Lynch, Angelo Badalamenti Talk Lost Thought Gang Album - Rolling Stone
  38. David Lynch reciting Captain Beefheart track 'Pena'|Far Out Magazine, arkivert frå originalen 21. mars 2020, henta 25. april 2020 
  39. Wray, Daniel Dylan (15. desember 2016). «John Lydon on the Music That Made Him». Pitchfork. Henta 25. april 2020. 
  40. «Captain Beefheart». 19. desember 2010. ISSN 0307-1235. Henta 25. april 2020. 
  41. Gore, Joe (oktober 1991). «The Red Hot Chili Peppers: Gods of Sex Funk». Guitar Player. Henta 25. april 2020. [daud lenkje]
  42. «60) Trout Mask Replica». Rolling Stone. Henta 7. august 2012. 
  43. «58) Trout Mask Replica». Rolling Stone. 1. november 2003. Arkivert frå originalen 6. februar 2010. Henta 25. april 2020. 
  44. «Rocklist.net...Mojo Lists». Rocklistmusic.co.uk. Henta 25. april 2020. 
  45. «Acclaimed Music Forum». Pub37.bravenet.com. Henta 25. april 2020. 
  46. Dimery, Robert; Lydon, Michael (7. februar 2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 0-7893-1371-5. 
  47. Spicer, Al (1999). Rock: 100 Essential CDs : the Rough Guide. s. 39. Henta 17. mai 2018. 
  48. Eglinton, Mark (31. juli 2012). «A Baker's Dozen: Steve Vai's 13 Favourite Albums Revealed». thequietus.com. Henta 11. mars 2020. 
  49. «National Recording Preservation Board, 2010 Selections». LOC.gov. Library of Congress. Henta 25. april 2020.