The Move var eit av dei fremste engelske banda på 1960-talet. Bandet oppstod i Birmingham i 1965 ved at frontfigurane frå banda Carl Wayne and the Vikings, The Nightriders og The Mayfair Set gjekk saman om å danna eit nytt band. Namnet til bandet, The Move, speglar nettopp dette at medlemmane hadde flytta over frå andre band. Leiaren var gitaristen, songaren og låtskrivaren Roy Wood, som komponerte dei fleste av hitsinglane til gruppa. I dei fem åra dei konsentrerte seg om popmusikk, hadde dei ni topp 20-plasseringar. Seinare dreiv dei The Move som vekselsbruk med Electric Light Orchestra og konsentrerte seg stadig meir om symfonisk rock. Det var først heilt på slutten av karrieren at gruppa satsa på turneverksemd i USA. Likevel blir ho rekna for å ha vore innfverknadsrik og å ha påverka rockemusikken òg på den andre sida av Atlanteren.

The Move

The Move, frå venstre Carl Wayne, Roy Wood, Ace Kefford, Bev Bevan og Trevor Burton
OpphavBirmingham i England
Periode1965–1972
Aktiv1965–2016
SjangerRock og psykedelisk rock
PlateselskapDeram Records, Fly Records, IL
MedlemmerRoy Wood
Carl Wayne
Bev Bevan
Chris «Ace» Kefford
Trevor Burton
Jeff Lynne
Rick Price

The Move var særleg påverka av The Beatles, Motown og amerikanske «West Coast»-band. Roy Wood, trommeslagaren Bev Bevan, bassisten Chris «Ace» Kefford, songaren Carl Wayne og gitaristen Trevor Burton fekk raskt ry for å vera blant dei dugelegaste og mest underhaldande liveartistane i England. Seinare kom dei til å leggja meir vekt på studioarbeid, og det var trioen Wood, Bevan og gitarist/keyboardist Jeff Lynne som omforma The Move til Electric Light Orchestra.

Diskografi (utval)

endre

Singlar

endre
  • "Night of Fear" – (Januar 1967) – UK #2
  • "I Can Hear the Grass Grow" (April 1967) – UK #5
  • "Flowers in the Rain" (August 1967) – UK #2
  • "Fire Brigade" (Februar 1968) – UK #3
  • "Wild Tiger Woman" (August 1968) – UK #53
  • "Blackberry Way" (Desember 1968) – UK #1
  • "Curly" (Juli 1969) – UK #12
  • "Brontosaurus" (April 1970) – UK #7
  • "When Alice Comes Back to the Farm" (Oktober 1970)
  • "Tonight" (Juni 1971) – UK #11
  • "Chinatown" (Oktober 1971) – UK #23
  • "California Man" / "Do Ya" / "Ella James" (April 1972) – UK #7

EP-ar

endre
  • "Something Else From The Move" (1968)

Album

endre
  • The Move (April 1968) – UK #15
  • Shazam (1970)
  • Looking On (1970)
  • Message From The Country (1971)

Samleplater

endre
  • Split Ends (1972) (svarar til Great Move!, men utan 'Ben Crawley Steel Company', 'Don't Mess Me Up' og 'My Marge')
  • The Best Of The Move (1974)
  • Great Move!: The Best Of The Move (1994) (identisk med gjenutgjevinga av Message, men utan alternative utgåver av songane)
  • The BBC Sessions (1995)
  • Movements: 30th Anniversary Anthology (1997) (omfattande utval, inkludert Looking On)

Gjenutgjevingar

endre
  • Message From The Country (2005)

Kjelder

endre

Litteratur

endre

Bakgrunnsstoff

endre