Opna hovudmenyen

Carl Wayne (fødd 18. august 1943 som Colin David Tooley, daud 31. august 2004) var ein britisk songar og skodespelar. Han er mest kjend som solovokalist i rockegruppa the Move i 1960-åra.

Carl Wayne
Fødd18. august 1943(1943-08-18)
FødestadWinson Green
Død31. august 2004 (61 år)
DødsstadBirmingham i England
FødenamnColin David Tooley
OpphavStorbritannia
SjangerRock
Instrumentvokal, klaverinstrument, gitar, bassgitar.
Tilknytte artistarThe Vikings
The Move
The Hollies
PlateselskapDeram, Regal Zonophone, RCA, DJM, Jet Records
Verka somMusikar, skodespelar
Gift medSusan Hanson

BiografiEndra

Wayne var involvert i musikk frå barndomen av og seint i tenåra hadde han skifta namn til det meir attraktive Carl Wayne og teke over eit band kalla the Vikings, med mellom anna bassisten Ace Kefford og noko seinare trommeslagaren Bev Bevan. Gruppa, som vart kalla Carl Wayne & the Vikings, fekk mange spelejobbar i heimbyen Birmingham, men klarte aldri å slå gjennom andre stader, trass i at dei hadde nokre innspelingar. Til slutt valte dei tre lokale banda i Birmingham, Carl Wayne & the Vikings, Mike Sheridan's Nightriders og Danny King & the Mayfair Set, å slå seg saman og resultatet vart the Move med Wayne, Roy Wood, Kefford, Bevan og gitaristen Trevor Burton.[1]

Wayne enda opp som songar, fordi han eigde eit godt PA-system. Med the Move spelte han på hittar som «Night of Fear», «Fire Brigade», «Curly», «I Can Hear the Grass Grow», «Flowers in the Rain» og «Blackberry Way». Han var i gruppa under den amerikanske turneen deira og det andre albumet, Shazam. På den tida ønskte Wayne å ta bandet i ei anna retning enn resten av bandet. Dei andre ønskte å bli eit seriøst rockeband, medan Wayne ønskte å vere ein pop-entertainer.[1] Wayne forlét dermed rockeverda og spelte inn popsongar, i tillegg til innspelingar med Roy Wood, Louis Clark, Jeff Lynne og Electric Light Orchestra, Heads, Hands & Feet og Big Jim Sullivan, men mykje av musikken og yrkeslivet hans dreidde seg om teater dei neste to tiåra (hovudsakleg sceneforestillinga av Blood Brothers). Han gav ut eit soloalbum i 1978 og eitt til, Love Story på selskapet til ELO, i 1985. Han gjorde eit uventa comeback til rockeindustrien i 2000 då han tok over for Allan Clarke som songar i the Hollies, og turnerte med dei dei neste tre og eit halvt åra.[1]

Dei siste åra han levde kjempa han mot kreft og døydde i august 2004. Wayne spelte den siste konserten sin den 10. juli 2004 i Egersund i Noreg.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Carl Wayne på Allmusic

BakgrunnsstoffEndra