Deram Records er eit tidlegare britisk plateselskap som låg under paraplyen til Decca Records og som fungerte som platemerke for både alternative og progressive artistar. Som dei fleste andre subsidiære plateselskap under Decca så vart Deram sitt motstykke i USA distribuert under London Records.

Deram Records
Grunnlagd1966
StatusOpphøyrd (1979)
Sjangerpop, progressiv rock
LandStorbritannia
StadLondon

Deram var i all hovudsak aktivt mellom 1966 og 1973, men fungerte i praksis over ein lengre periode heilt til byrjinga av 1980-talet. Decca brukte Deram Records i marknaden mot både Island Records, Harvest Records (som var ått av EMI) og Vertigo Records (som vart starta av Philips Records), men feila i å etablere seg på lang sikt.

Frå starten av var artistar innan popsjangeren sidestilt med artistar og band innan progrocken, trass i at Decca ønskte å gjere Deram til eit merke berre for alternativ musikk. Både David Bowie og Cat Stevens fekk likevel ein tidleg suksess på selskapet, før dei omsider flytta over til høvesvis Philips Records og Island Records. Tre av dei tidlege hitlåtane deira var Procol Harum sin «A Whiter Shade of Pale», The Move sin «Night of Fear» og «I Can Hear the Grass Grow».

I 1969 starta Decca eit reint progressivt merke under namnet Nova, som varte i mindre enn éit år. Dette har sidan ført til forvirringar sidan fleire utgjevingar har kome under namnet Deram Nova og Decca Nova. Decca gav sidan ut to album på vinyl av Justin Hayward (The Moody Blues) under namnet Songwriter (1977) og Night Flight (1980). Deram hadde blant anna punkrockbanda Bananarama, The Modettes, Splodgenessabounds og TV21 under kontrollen deira tidleg på 1980-talet før merket forsvann under Decca Records igjen, som sidan vart kjøpt opp av Universal Music.

Artistar under Deram Records endre

   

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre