The Pastels er ei indierock-gruppe frå Glasgow som blei danna i 1981. Ho var ei nøkkelgruppe i den skotske og britiske indiescenen på 1980-talet, og har særleg fått æra for utviklinga av ein uavhengig og solid musikkscene i Glasgow.[1] Gruppa har hatt ei rekkje ulike medlemmar, men består for tida av Stephen McRobbie, Katrina Mitchell, Tom Crossley, John Hogarty, Alison Mitchell og Suse Bear.

The Pastels

Aktiv1981–
Sjangeralternativ rock
PlateselskapDomino Records, Creation Records

Historie

endre
 
Stephen Pastel i 1982.

Gruppa blei danna i 1981 på høgda av Postcard Records-æraen for uavhengig musikk i Glasgow.[1] Brian Taylor, som på tida var ven av Alan Horne frå Postcards, rekrutterte McRobbie, Hayward og Simpson til den nye gruppa si.[1] Bandet opptredde fyrst i Bearsden Burgh Hall, der dei var tinga av McRobbie etter at han hadde vore på ein Crass-konsert her.[1]

The Pastels gav ut den fyrste singelen sin, «Songs for Children», på Whaam! Records i 1982.[2] Han blei følgd av kassetten Entertaining Edward på Action Tapes same året.[2]

Gruppa gav ut fleire singlar på ei rekkje ulike selskap, som Whaam!, Creation og Glass Records.[2] Alle hadde ein rå og direkte lyd, melodisk og amatøraktig, som verka vera i utakt med musikkbildet i samtida.[3]

Bandet fekk likevel ein aukande fanskare som identifiserte seg med lyden og imaget deira, og byrja sakte å påverka ei ny bølgje av musikkgrupper, og å få merksemd frå musikkbladet NME og andre britiske medium.[4] Før det fyrste, suksessfulle albumet til gruppa kom ut, var gruppa med på ein John Peel-session, og var med i ei rekkje zines.[1]

Up for a Bit with the Pastels

endre

Debutalbumet Up for a Bit with The Pastels kom ut i 1987, og inneheldt stilar frå garage pop-punk til balladar med bitar av synth-orkester. Albumet fekk ros frå musikkindustrien, frå grupper som Jesus and Mary Chain, Primal Scream, Sonic Youth, Yo La Tengo og Kurt Cobain frå Nirvana.[1] I 2003 blei ho utnemnd til det 37. beste skotske albumet av The Scotsman.[5] I The Guardian blei albumet omtalt som ein forløpar for seinare utgjevingar frå Glasgow-grupper, som Tigermilk av Belle og Sebastian, Young Team av Mogwai, Franz Ferdinand av Franz Ferdinand og til og med Chvrches.[1]

Oppfølgjaren Sittin' Pretty kom ut i 1989. Det byrja å stå rykte i den britiske musikkpressen om at gruppa var i ferd med å splitta lag,[6] og ho blei forlaten av Taylor, Hayward og Simpson.[1]

Det blei danna ein ny line-up rundt dei opphavlege medlemmane McRobbie og Wright (Aggi), med Katrina Mitchell som ny medlem.[1] Denne samansetjinga er truleg den best kjende av dei ulike utformingane av The Pastels, og hadde ofte med seg anten David Keegan (frå Shop Assistants) eller Gerard Love (frå Teenage Fanclub) på gitar.[7] Dei skreiv kontrakt med den då veksande Domino Records, og fullførte to album, Mobile Safari (1995) og Illumination (1997).[1] Eit remix-sett med My Bloody Valentine, Jim O'Rourke og andre var med på albumet Illuminati frå 1998. Gruppa var òg med på soundtracket til filmen The Acid House dette året.[8]

I 2000 forlet Wright gruppa for å fokusere på karrieren sin som illustratør, men heldt fram med å laga kunst for gruppa. Seinare gav ho ut filmmusikk til David Mackenzie sin The Last Great Wilderness frå 2003. I 2006 utvikla og fullførte The Pastels ny musikk for ein teaterproduksjon av det Glasgow-baserte selskapet 12 Stars.[9]

I 2009 gav The Pastels ut albumet Two Sunsets i samarbeid med den japanske gruppa Tenniscoats. Ho blei kalla «leikande, spontan og fortryllande» av kritikarar.[1]

I 2013 gav gruppa ut sitt fyrste album på seksten år, Slow Summits, igjen på Domino.[10] The Guardian skildra albumet som «det mest komplette settet deira sidan Up for a Bit, med ti sommarlege, groovy songar med fløyte og valthorn».[1] Albumet blei nominert til Scottish Album of the Year Award 2013.[1]

Pastels driver no sitt eige platemerke, Geographic Music, gjennom Domino, og er partnarar i Monorail Music-butikken i Glasgow.[11]

Bandmedlemmar

endre

Noverande

endre
  • Stephen McRobbie (eller Stephen Pastel) - gitar, vokal (1981-no)
  • Katrina Mitchell - trommer, vokal, gitar, tastatur (1989-no)
  • Tom Crossley - fløyte, keyboard (1990-no)
  • Alison Mitchell - trompet (2003-no)
  • John Hogarty - gitar (seint 2000-tal-no)
  • Suse Bear - bass (2010 til no)

Tidlegare

endre
  • Brian Taylor (or Brian Superstar) – gitar (1981–1992)
  • Martin Hayward – bass, vokal (1982–1989)
  • Bernice Simpson – trommer (1983–1989)
  • Annabel Wright (eller Aggi) – vokal (1984–2000), keyboard (1984–1990), bass (1990–2000)
  • Eugene Kelly – bakgrunnsvokal, fiolin, gitar, autoharpe (1987–1989)
  • David Keegan – gitar (1992–2000)
  • Gerard Love – gitar/bass
  • Jonathan Kilgour – gitar (1994–1997)
  • Norman Blake – gitar, bass

Bidragsytarar

endre
  • Gerard Love - gitar, bassgitar, trommer
  • Norman Blake - gitar, bassgitar, vokal
  • Colin McIlroy - gitar
  • Charlie Dinsdale - trommer
  • Chris Gordon - trommer
  • Michael Giudici - bassgitar
  • Sandy Forbes - trommer
  • Dean Wareham - gitar
  • Maureen McRoberts - saksofon
  • Darren Ramsay - trompet
  • Francis MacDonald - trommer
  • Liz Dew - bass

Diskografi

endre

Studioalbum

endre
  • Up for a Bit with The Pastels (1987)
  • Sittin' Pretty (1989)
  • Mobile Safari (1995)
  • Illumination (1997)
  • Slow Summits (2013)

Samlealbum

endre
  • Suck On (1988)
  • Truckload of Trouble (1994)
  • Illuminati (1998)
  • Summer Rain (2013)

Lydspor

endre
  • The Last Great Wilderness (2003)

Kjelder

endre
  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 Jack, Malcolm (1. mars 2016). «Cult heroes: the Pastels – the quirky individualists at the heart of Glasgow's music scene». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 24. september 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «The Pastels» (på engelsk). Discogs. Henta 24. september 2019. 
  3. «Jackie Kay! The Pastels! Broken Records! Jock Scot! Rachel Maclean! All together!» (på engelsk). Henta 24. september 2019. 
  4. «the pastels». Sheepish.org. Henta 31. mai 2013. 
  5. «100 best Scottish albums – Nos 26–50». The Scotsman. 16. oktober 2003. 
  6. «The Pastels' Up for a Bit with the Pastels 30 years on – the Glasgow cult heroes' influence still shimmers brightly» (på engelsk). Henta 24. september 2019. 
  7. Drstirringrhod. «THE DOCTOR IS IN: THE PASTELS». Henta 24. september 2019. 
  8. «Songs from The Acid House». Henta 24. september 2019. 
  9. «Pastels making anxious return to Glasgow spotlight» (på engelsk). Henta 24. september 2019. 
  10. Mike Powell, "The Pastels, Slow Summits", Pitchfork, 28 May 2013
  11. «Domino | Artists | The Pastels». Dominorecordco.com. Henta 31. mai 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: The Pastels