The Proclaimers

The Proclaimers er eit skotsk band som består av dei einegga tvillingane Charlie og Craig Reid. Dei er mest kjente for songane «Lettar from America» og «I'm Gonna Be (500 Miles)», som var temasong i filmen Benny & Joon.

The Proclaimers
The Proclaimers (64869807).jpg
Aktiv1983–
Sjangerfolkrock, keltisk rock, poprock, countryrock, collegerock
PlateselskapChrysalis

Bandet blei skipa i 1983, og fanga publikumsmerksemd i januar 1987 etter å ha opptredd på populærmusikkprogrammet The Tube på britisk fjernsyn. «Letter From America» nådde tredjeplassen på dei britiske spelelistene, og albumet This is the Story selde til gull. Oppfølgjaralbumet Sunshine on Leith er kjent for songane «I'm Gonna Be...» og «I'm on My Way» (som seinare blei endå meir populær gjennom filmen Shrek).

Brørne er òg kjende for å vera store tilhengarar av Edinburgh-fotballklubben Hibernian F.C.[1] Klubben har hitten deira «Sunshine on Leith» som offisiell klubbsong.

DiskografiEndra

  • This is the Story (1987)
  • Sunshine on Leith (1988)
  • King of the Road (1990) (EP)
  • Hit the Highway (1994)
  • Persevere (2001)
  • The Best of The Proclaimers 1987-2002 (2002)
  • The Best of The Proclaimers 1987-2002 (2002) (DVD)
  • Born Innocent (2003 (UK), 2004 (US))
  • Finest (2004) [kun UK]
  • Restless Soul (2005)
  • Life with You (2007)
  • Notes & Rhymes (2009)
  • Like Comedy (2012)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: The Proclaimers