The Ride av Rafał Brzozowski

song frå 2021 med Rafał Brzozowski
«The Ride»
Song av Rafał Brzozowski
Land Polen
Språk Engelsk
Utgjeve 12. mars 2021
Sjanger Pop
Lengd 03:00
Selskap Artistars
Låtskrivar(ar) Joakim Övrenius, Thomas Karlsson, Clara Rubensson, Johan Mauritzson
Produsent Joakim Övrenius

«The Ride» er ein popsong frå 2021 med den polske artisten Rafał Brzozowski. Songen var det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[1]

Om songen endre

«The Ride» er skriven av det svenske låtskrivarlaget Joakim Övrenius, Thomas Karlsson, Clara Rubensson og Johan Mauritzson.[2] Songen vart internt vald av Telewizja Polska til å representere Polen i Eurovision Song Contest. Songen vert framført av songaren og tv-programleiaren Rafał Brzozowski, og den vart utgjeven 12. mars 2021. Ein musikkvideo til songen vart utgjeven same dag og var spela inn i Neon Muzeum i Warszawa. Musikkvideoen er regissert av Pascal Pawliszewszki.[2]

Eurovision Song Contest endre

«The Ride» var det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2021. Polen vart trekt til å delta i den andre semifinalen som vart arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland torsdag 20. mai. Songen vart nummer 14 av 17 i semifinalen med 35 poeng. Sidan det berre var dei ti beste som gjekk vidare til finalen, kvalifiserte den seg ikkje til finalen laurdag 22. mai.[3]

Sceneframsyninga til Brzozowski i Rotterdam var regissert av kunstnarisk ansvarleg Mikołaj Dobrowolski, medan Agustin Egurrola stod som ansvarleg for koreografien.[2][4]

Kjelder endre

  1. «RAFAŁ takes 'The Ride' to Rotterdam» (på engelsk). 12. mars 2021. Henta 12. mars 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Granger, Anthony (12. mars 2021). «🇵🇱 Poland: Rafał Brzozowski To Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 12. mars 2021. 
  3. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021. 
  4. «Rafał will represent Poland at Eurovision 2021 with "The Ride"». 12. mars 2021. Henta 12. mars 2021.