Opna hovudmenyen
Unchained Melody
Singel av The Righteous Brothers
frå albumet Just Once in My Life
A-side Hung on You
Utgjeve 17. juli 1965
Sjanger Blue-eyed soul
Lengd 3:36
Selskap Philles
Låtskrivar(ar) Musikk: Alex North
Tekst: Hy Zaret
Produsent Phil Spector
The Righteous Brothers-kronologi
«Just Once in My Life»
(1964)
Unchained Melody «Ebb Tide»
(1965)


«Unchained Melody» er ein song frå 1955 med musikk av Alex North og tekst av Hy Zaret. North nytta musikken som kjenningsmelodi i den lite kjende fengeselsfilmen Unchained, som songen fekk namn etter. Todd Duncan song songen for musikken i filmen.[1] Det har sidan vorte ein av dei mest innspelte songane på 1900-talet og det er estimert at det finst minst 500 versjonar på mange forskjellige språk.[2]

Les Baxter (Capitol Records katalognummer 3055) gav ut ein instrumentalversjon som nådde toppen av singellista i USA. Så kom innspelingar av Al Hibbler (Decca Records #29441),[3] som nådde tredjeplassen på Billboard-lista, Jimmy Young som nådde toppen av lista i Storbritannia og Roy Hamilton (Epic Records no. 9102), som nådde toppen av R&B Best Sellers-lista og sjetteplassen på poplista i USA.[4] Hundrevis av andre innspelingar følgde. Men det var versjonen til The Righteous Brothers frå juli 1965 som vart jukebox-standarden og som fekk ein ny runde med popularitet då han vart nytta i hitfilmen Ghost i 1990.

Opphavet til songenEndra

I 1955 fekk Alex North og tekstforfattaren Hy Zaret kontrakt om å skrive kjenningsmelodien til den obskure fengselsfilmen Unchained,[5] og songen deira vart etter kjend som «Unchained Melody». Songen inneheld faktisk ikkje ordet «unchained», og låtskrivaren Zaret valte i staden for å fokusere teksten på ein som lengtar etter ein kjæraste han ikkje har sett på lang tid.[5] Filmen frp 1955 handlar om ein mann som tenkjer på om han skal rømme frå fengselet å leve resten av livet på rømmen eller å fullføre dommen og reise attende til kona og familien.[5] Det finst ein uvanleg harmonisk greie i songen ved at mellomspelet avsluttar på ein tonika akkord i staden for ein dominantakkord.

Med Todd Duncan på vokal[1] vart songen nominert for Oscarprisen i 1955, men denne gjekk i staden til hitsongen «Love Is a Many-Splendored Thing».

Tidlege versjonarEndra

Todd Duncan song vokal på filmversjonen. Han framfører ein forkoarta versjon i filmen, der han spelar ein av fangane. Han ligg på ei seng og vert akkompagnert av ein annan fange på gitar, medan dei andre lyttar sørgmodig til.[1] Bandleiaren Les Baxter (Capitol Records katalognummer 3055), gav ut ein versjon som nådde andreplassen på singellista i USA og 10. plass i Storbritannia. Orda «unchain me» vert sungen fleire gonger i starten og teksten vert sungen av eit kor. Al Hibbler følgde tett etter med ein vokalversjon[3] (Decca Records katalognummer 29441) som nådde tredjeplassen på Billboard-lista og andreplassen i Storbritannia. Han vart kort tid etter etterfølgd av Jimmy Young, som nådde toppen av den britiske singellista med sin versjon. To veket etter at Young-versjonen nådde singellista i juni 1955 gjekk Liberace til 20. plass med sin versjon (Philips PB 430). Roy Hamilton sin versjon (Epic Records katalognummer 9102) nådde toppen av R&B Best Sellers-lista i USA og ein sjetteplass på pop-lista.[4] June Valli spelte inn songen den 15. mars 1955 og vart gjeven ut av RCA Victor Records som katalognummer 20-6078, med B-sida «Tomorrow»,[6] og tok songen til 29. plass.[7] Gene Vincent and his Blue Caps spelte inn songen for det andre albumet deira i 1956 — versjonen til Vincent vert spelt i eit middels tempo med ein klimprande gitar med tremoloeffekt. Dette er truleg den mest uvanlege versjonen av songen, og mellomspelet var òg fjerna. Harry Belafonte song songen på Oscarprisutdelinga i 1956, der han var nominert for beste song i 1955. Belafonte spelte òg inn songen for RCA Victor Records, gjeven ut som katalognummer 20-6784 i 1955 med B-sida «A-Roving».[8]) I 1963 vart ein livleg doo-wop-versjon ein liten hit aust i USA med Vito & the Salutations, som sidan vart nytta i filmen Goodfellas i 1990. Perry Como spelte inn songen i 1955, og den engelske jazzmusikaren Cliff Townshend frå The Squadronaires spelte inn ein populær versjon i 1956.

ListerEndra

Les Baxter
Liste (1955) Plassering
Storbritannia (NME) 10[9]
Storbritannia (Record Mirror) 10[10]
USA (Billboard Hot 100) 1[11]
Roy Hamilton
Liste (1955) Plassering
USA (Billboard Hot 100) 6[12]
USA (Billboard R&B Singles Chart) 1[12]

Jimmy Young
Liste (1955) Plassering
Storbritannia (NME) 1[13]
Storbritannia (Record Mirror) 2[14]
Al Hibbler
Liste (1955) Plassering
Storbritannia (NME) 2[15]
Storbritannia (Record Mirror) 1[16]
USA (Billboard Hot 100) 3[17]
USA (Billboard R&B Singles Chart) 1[17]

The Righteous Brothers-versjonenEndra

Den mest kjende versjonen av «Unchained Melody» vart spelt inn av The Righteous Brothers og produsert av Phil Spector i 1965 som B-sida til singelen «Hung On You». Sjølv om denne versjonen vart tilskriven The Righteous Brothers, var det i røynda ei soloframføring av Righteous Brother Bobby Hatfield, som sidan spelte inn andre versjonar som var tilskriven han aleine. Denne klatra til fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i 1965 og 14. plassen i Storbritannia i 1965.

«Unchained Melody» dukka opp att på Billboard-lista i 1990 etter at versjonen til The Righteous Brothers vart nytta i den populære filmen Ghost. To versjonar nådde lista i USA det året. Den eine var versjonen til Righteous Brothers frå 1965 som vart mykje spelt på radio, men salet var minimalt sidan han berre var tilgjengeleg på 45" singel. Denne versjonen nådde 13. plassen. Ei nyinnspeling av songen frå 1990 var òg berre tilgjengeleg på kassettsingel. Denne nye versjonen vart minimalt spelt på radio, men selde godt og nådde 19. plassen. I åtte veker låg begge versjonane på Hot 100 samstundes. Denne nyutgjevinga av songen toppa adult contemporary-lista i USA i to veker i 1990. Han nådde førsteplassen i Storbritannia for femte gongen og vart den mestseljande singelen der i 1990, og har sidan seld over 1 million eksemplar.[18] Han nådde òg toppen av singellista i Australia, der han låg i sju veker frå november 1990 til januar 1991.

ListerEndra

Liste Plassering
1965 1990
Storbritannia[19] 14 1
USA (Billboard Hot 100)[20] 4 13
Canada 9 4

LeAnn Rimes-versjonenEndra

I desember 1996 gav countrypop-songaren LeAnn Rimes ut ein versjon av songen. Denne nådde tredjeplassen på både Billboard Country Songs-lista og den kanadiske RPM Country Tracks-lista. Rimes-versjonen av songen vart berre gjeven ut som bonussingel til somme versjonar av albumet hennar Blue som vart selde ved Target-butikkar jula 1996.[21][22] Rimes-versjonen vart sidan gjeven ut på samlealbumet hennar Unchained Melody: The Early Years.

ListerEndra

Liste (1996-1997) Plassering
Canada Country Tracks (RPM)[23] 3
US Country Songs (Billboard)[24] 3

Andre versjonarEndra

I 1955 gav The Goons ut ein komisk versjon av sungen, sungen på ein upassande livleg måte av Peter Sellers, som rollefiguren «Bluebottle». Dei vart tvungen av opphavsretthaldarane til å fjerne plata frå butikkane med trugsel om søksmål, fordi dei meinte versjonen deira var «respektlaus».

Line Renaud spelte inn forskjellige versjonar av songen i 1956, sungen på både fransk og spansk.

Songen vart gjeven ut på ei B-side av Merri Gail i 1957 for Cha Cha Records, akkompagnert av trekkspel.

Ein annan tidleg versjon vart gjort av tenåringsidolet Ricky Nelson, i 1958 på albumet Ricky Nelson.

Gisele Mackenzie spelte inn songen i 1958 på soloalbumet hennar for RCA Victor, Gisele (LPM/LSP-1790).

The Fleetwoods gav ut ein versjon av songen på albumet deira 1959 i Mr. Blue for Dolton Records.

Andy Williams gav ut ein versjon av songen på albumet hans frå 1959, Lonely Street.

John Gary sin versjon som vart sungen over meir enn tre oktavar, kom i 1963 på albumet Catch a Rising Star og vart ein av signaturlåtane hans.

Jimmy Young gav ut ein versjon tidleg i 1964 som nådde 43. plass i Storbritannia.

Dionne Warwick spelte inn ein versjon av songen i 1965 for albumet The Sensitive Sound of Dionne Warwick.

The Supremes spelte inn songen for albumet deira I Hear A Symphony, som kom ut i 1966.

The Sweet Inspirations spelte inn songen in 1968.

Roy Orbison spelte inn ein versjon av denne for albumet hans Many Moods, som kom ut i mai 1969.

Bobby Vinton spelte inn songen på The Love Album, som kom ut i juni 1971. Innspelingar er òg gjor av Cliff Richard og Conway Twitty.

Donny Osmond spelte inn songen på albumet hans A Time for Us i 1973.

Elvis Presley framførte «Unchained Melody» den 24. april 1977 i Ann Arbor i Michigan, og denne innspelinga vart med på Moody Blue, det siste albumet han gav ut medan han var i live. 21. juni, seks veker før han døydde, framførte han «Unchained Melody» i Rapid City i det som vart den siste framføringa hans på fjernsyn, «Elvis In Concert». Denne versjonen vart gjeven ut som ein singel. Begge versjonane hadde med Elvis på piano.

Den 14. mars 1979 gav George Benson ut ein versjon av songen på albumet hans Livin' Inside Your Love av Warner Brother's Records INC.

I 1981 vart ein konsertversjon framført av bandet Heart og denne nådde 83. plass på Billboard Top 100.[25]

I 1986 gav Leo Sayer ut ein versjon av songen med ein nymotens omarbeiding av «wall of sound»-produksjonen og ein uvanleg elektrisk gitarsolo nær slutten av songen. Singelen nådde Topp 60 i Storbritannia.

U2 spelte inn songen som ei B-side til singelen deira «All I Want Is You» i 1989. Dei har òg framført songen fleire gonger på konsertane sine, mellom anna i konsertfilmen Zoo TV: Live from Sydney i 1993.

I 1995 vart songen framført av Robson Green og Jerome Flynn i den britiske dramaserien Soldier Soldier. Denne vart gjeven ut som ein Righteous Brothers-aktig versjon som singel, og nådde raskt førsteplassen i Storbritannia, og vart ein av dei mestseljande singlane i landet gjennom tidene med 1,86 million eksemplar selde fram til november 2012.[18]

I 1995 spelte Air Supply songen for albumet News from Nowhere.

Joe Lynn Turner spelte inn songen i 1997 på albumet Under Cover.

Neil Diamond spelte inn songen i 1998 på albumet The Movie Album: As Time Goes By.

R. Kelly sampla songen i 1998 i songen «If I Could Turn Back the Hands of Time» frå albumet R.

Sarah McLachlan sin stemningsfulle versjon av songen opna Pine Ridge: An Open Letter to Allan Rock - Songs for Leonard Peltier, ein veldedighets-CD gjeven ut av What Magazine den 1. november 1996. Innspelinga vart gjeven ut i 2008 på albumet hennar Rarities, B-Sides and Other Stuff Volume 2.[26] Ho song òg songen ved Leonard Peltier Defense Fund Benefit Concert den 12. februar.[27]

Joni Mitchell nytta refrenget og delar av melodien i «Chinese Cafe/Unchained Melody» i 1982 på albumet Wild Things Run Fast, i tillegg til ein oppdatert orkesterversjon i 2002 på Travelogue.

Gisele Mackenzie spelte inn songen i 1958 på albumet for RCA Victor, Gisele (LPM/LSP-1790).

Cyndi Lauper vart nominert i 2005 for Grammyprisen for «Beste akkompagnement med vokal» for tolkinga hennar av songen, som finst på At Last. I 2006 spelte Barry Manilow inn songen på albumet hans Greatest Songs of the Fifties, og denne nådde 20. plassen i USA. David Phelps spelte inn songen i 2008 på albumet The Voice.

Holland Taylor som Evelyn Harper song songen i Two and a Half Men.

Deerhunter-frontmannen Bradford Cox spelte inn ein versjon i 2007 som Atlas Sound, og gav denne bort på bloggen sin, i lag med ein song av Jay Reatard.[28]

Johnny Maestro & The Brooklyn Bridge framførte songen på ein hyllestkonsert til Bobby Hatfield, og denne finst på deira Greatest Hits Live frå 2008.

Gareth Gates spelte ein versjon av songen på albumet som kom ut etter Pop Idol i Storbritannia. Singelen nådde førsteplassen i Storbritannia då han kom ut og har sidan seld 1,34 millionar eksemplar der.[18]

Clay Aiken spelte inn songen i 2010 på albumet Tried and True.

Pop Opera-gruppa Amici Forever, spelte inn songen på italiensk kalla «Senza Catene».

Constantine Maroulis gav ut ein versjon av songen som singel, som han framførte som gjest på American Idol den 7. april 2011.[29]

Micheal Castaldo spelte inn ein italienskspråkleg versjon i 2010 på albumet Aceto.

Donald Braswell II spelte inn song i 2011 på albumet Unchained.

Songen vert òg framført i musikalen GHOST The Musical.[30]

Songen vart framført av Blake Jenner og Jacob Artist i fjernsynsserien Glee.

Al Green spelte inn songen i 1973 for albumet Livin' for You.

Country-versjonarEndra

Fem forskjellige versjonar av songen har nådd Hot Country Songs-lista i USA: Joe Stampley (#41, 1975),[31] Elvis Presley (#6, 1978),[32] Ronnie McDowell (#26, 1991),[33] Willie Nelson spelte inn ein versjon for hans Stardust i 1978, og LeAnn Rimes (#3, 1997).[21]

Norske versjonarEndra

Jacob Hjelte, Rick Holmsen og Magpies og John Normann har skrive norske tekster til songen. Den norske tittelen til Hjelte er «Jeg venter på deg», Holmsens og Magpies sin norske tittel er «Lengsel», medan tittelen til Normann er «Min melodi».

InnspelingarEndra

År Songtittel Artist Tekstforfattar Platetype Platemerke og katalognummer
1955 «Jeg venter på deg»[34] Jens Book-Jenssen med kor og orkester dirigert av Egil Monn-Iversen Jacob Hjelte 78-plate Musica A 5144
EP Musica NEP-817
1968 «Lengsel»[35] Magpies Rick Holmsen, Magpies Singel Nor-Disc NOR 181
1973 «Min melodi» John Normann John Normann Singel RCA NA 1607

Platene på Musica er same innspeling.

PopularitetEndra

Songen har toppa mange lister over beste kjærleikssongar, som lista til britiske Channel 4 og Five. Han er den einaste songen som i tre forskjellige versjonar har seld meir enn ein million eksemplar i Storbritannia — Robson and Jerome (1,86 million), Gareth Gates (1,34 million), The Righteous Brothers (1,04 million).[18]

I 2004 plasserte Rolling Stone the Righteous Brothers-versjonen av songen på 365. plass på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. På den oppdaterte lista deira frå 2010 var songen flytta ned til 376. plass.

Bruk i mediaEndra

Songen har vorte nytta i mange forskjellige former i media.

The Righteous Brothers-versjonen vart nytta i den populæra filmen Ghost og i komedien The Naked Gun 2½: The Smell of Fear i 1991, i ein scene som parodierte ein scene frå Ghost.

Songen vart nytta i ein reklame for Ford Fiesta der to tyske ingeniørar formar ein bil i lag som ein parodi på Ghost.

Songen finst i karaokespelet Karaoke Revolution Volume 3 og den amerikanske versjonen av SingStar Legends. Han finst i den animerte filmen «Happy Feet», som kom ut i 2006.

Songen finst i Wallace and Gromit-kortfilmen A Matter of Loaf and Death frå 2008 i ein parodi av ein scene frå Ghost med Wallace og Piella Bakewell.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Robert Rodriguez, The 1950s' Most Wanted: The Top 10 Book of Rock & Roll Rebels, Brassey's, s. 90.
  2. BBC NEWS | Entertainment | Music | Brothers in good company with hits.
  3. 3,0 3,1 Gilliland, John (1969). «Show 17 - The Soul Reformation: More on the evolution of rhythm and blues. [Part 3]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  4. 4,0 4,1 Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 243. 
  5. 5,0 5,1 5,2 "Lyricist behind Unchained Melody dies", CBC Arts, July 3, 2007, webpage: Unchained-obit.
  6. RCA Victor Records in the 20-6000 to 20-6499 series
  7. ) Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. 
  8. RCA Victor Records in the 20-6500 to 20-6999 series
  9. «Artist Chart History Details: Les Baxter». The Official Charts Company. Henta 16. september 2013. 
  10. «January – June 1955». Record Mirror. Henta 16. september 2013. 
  11. Les Baxter charting singles Henta 25 September 2011
  12. 12,0 12,1 Roy Hamilton charting singles Henta 25 September 2011
  13. «Artist Chart History Details: Jimmy Young». The Official Charts Company. Henta 16. september 2013. 
  14. «July – November 1955». Record Mirror. Henta 16. september 2013. 
  15. «Artist Chart History Details: Al Hibbler». The Official Charts Company. Henta 16. september 2013. 
  16. Smith, Alan. «Every No.1 in the 1960s is listed from all the nine different magazine charts!». Dave McAleer's website. Henta 4 November 2010. 
  17. 17,0 17,1 Al Hibbler charting singles Henta 25 September 2011
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 Ami Sedghi (16. september 2013). «UK's million-selling singles: the full list». Guardian. Henta 16. september 2013. 
  19. «Artist Chart History Details: RIGHTEOUS BROTHERS». The Official Charts Company. Henta 4 November 2012. 
  20. «The Righteous Brother singles». Billboard.com. Henta 5 November 2012. 
  21. 21,0 21,1 Whitburn 2008, s. 352
  22. Billboard - Google ??. Books.google.co.kr. Henta 16. september 2013. 
  23. "RPM Country Tracks." RPM. Library and Archives Canada. March 17, 1997. Retrieved 16. september 2013.
  24. "Rimes?f=357&g=Singles LeAnn Rimes Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for LeAnn Rimes. Prometheus Global Media.
  25. Heart's charting singles Henta 16. september 2013
  26. Blue Rodeo Discography, henta 16. september 2013
  27. Sarah McLachlan Biography at Blue Rodeo henta 16. september 2013
  28. Atlas Sound Two Cover songs henta 16. september 2013
  29. Mansfield, Brian. «Constantine Maroulis to return to 'Idol' Thursday». USA Today. Henta 16. september 2013. 
  30. GHOST The Musical Henta 16. september 2013
  31. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 397. ISBN 0-89820-177-2. 
  32. Whitburn 2008, s. 330
  33. Whitburn 2008, s. 269
  34. Plateetiketten
  35. Plateetiketten

BakgrunnsstoffEndra