The Spiders from Mars
The Spiders from Mars var backingbandet til David Bowie tidleg i 1970-åra, og bestod av Mick Ronson på gitar, Trevor Bolder på bassgitar og Mick Woodmansey på trommer.
The Spiders from Mars | |||
Aktiv | 1970–1973, 1975–1976 | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Glamrock, rock | ||
Tilknytte artistar | David Bowie | ||
Plateselskap | Castle Music Ltd. | ||
Tidlegare medlemmer | Mick Ronson Trevor Bolder Mick Woodmansey Mike Garson Aynsley Dunbar Dave Black Pete McDonald |
Gruppa starta ut frå det tidlegare backingbandet til Bowie, The Hype, der Ronson og Woodmansey spelte, men med Tony Visconti på bass. Dei spelte ei kort stund som eit band på eiga hand kalla Ronno. Då Bolder tok over på bass, vart dei kalla opp etter det kjende albumet til Bowie frå 1972, The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars og gjekk under dette namnet på den store Ziggy Stardust-turneen. Dei spelte igjen med Bowie i 1973 på albumet Aladdin Sane. Ein annan del av turneen følgde med ein avslutningskonsert fanga på filmen Ziggy Stardust – The Motion Picture.
Gruppa deltok i den teatralske stilen til Bowie. Gitaren og arrangementa til Ronson under the Spiders from Mars-tida, passa ikkje berre inn med denne stilen, men danna òg mykje av grunnlaget for seinare punkrockmusikarar.[1]
I 1974 spelte ei besetning med Trevor Bolder, Mick Woodmansey og Mike Garson med Dave Black og Pete McDonald for Bowie og Ronson inn eit album med same namn, som kom ut i 1976. Det var det einaste albumet bandet gav ut før dei vart oppløyste.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Spiders from Mars» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: