Trevor Bolder
Trevor Bolder (9. juni 1950–21. mai 2013) er ein engelsk bassist, musikar, låtskrivar og produsent. Han er mest kjend for tida si i Uriah Heep og The Spiders from Mars, som ein periode var backingbandet til David Bowie. Han har òg spelt med mange andre musikarar sidan tidleg i 1970-åra.
Trevor Bolder | |||
Bolder i Milano, 9. november 2008 Foto: Marie Luisa Spagnuolo | |||
Fødd | 9. juni 1950 Kingston upon Hull i England | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kingston upon Hull | ||
Død | 21. mai 2013 (62 år) | ||
Dødsstad | London | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1963 til i dag | ||
Sjanger | Hardrock, progressiv rock, glamrock, heavy metal, R&B | ||
Instrument | Bass, trompet, vokal | ||
Kjende instrument | D'Alegria Defender TB signature bass | ||
Tilknytte artistar | The Rats, David Bowie, The Spiders from Mars, Uriah Heep, Wishbone Ash, Cybernauts | ||
Plateselskap | RCA | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent |
Biografi
endreBolder var aktiv i det lokale R&B-miljøet på midten av 1960-talet. Han vart først kjend med The Rats, der Mick Ronson spelte sologitar. Gjennombrotet hans kom i 1971 då han erstatta Tony Visconti i bandet til David Bowie, som snart skulle verte kjend som The Spiders from Mars. Bolder spelte bass (og stundom trompet) på album aHunky Dory (1971), The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972), Aladdin Sane (1973) og Pin Ups (1973).[1][2]
I 1976 vart Bolder med i Uriah Heep, og erstatta John Wetton. Han var forholdsvis kort tid i bandet, men medverka på albuma Firefly, Innocent Victim, Fallen Angel og Conquest. Då bandet braut opp på byrjinga av 1980-åra vart Bolder med i Wishbone Ash, tilfeldigvis erstatta han igjen John Wetton, og spelte på albumet deira Twin Barrels Burning i 1982. I 1982 vart han igjen med i Uriah Heep, og spelte på Head First-turneen (sjølv om Bob Daisley speler på albumet) og alle albuma deira sidan.[2]
I tillegg til å spele bass, produserte òg Bolder albumet til Heep frå 1991, Different World.[3] Han song solo på «Fear Of Falling», ein av songane han hadde skrive for Sea Of Light i 1995.
Han er framleis medlem av Uriah Heep,[2] og har òg spelt med Cybernauts.
Diskografi
endreMed David Bowie
endre- Hunky Dory (1971)
- The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972)
- Aladdin Sane (1973)
- Pin Ups (1973)
- Ziggy Stardust - The Motion Picture (konsertopptak 1973, gjeven ut i 1983)
- Santa Monica '72 (konsertopptak 1972, gjeven ut i 1994)
Med Cybernauts
endre- Cybernauts Live
Med Dana Gillespie
endre- Weren't Born a Man
Med Ken Hensley
endre- Free Spirit
- From Time to Time
Med Mick Ronson
endre- Slaughter On 10th Avenue (1974)
- Play Don't Worry (1975)
- Main Man
- Memorial Concert
Med The Spiders From Mars
endre- Spiders From Mars (1976)
Med Uriah Heep
endre- Firefly (1977)
- Innocent Victim (1977)
- Fallen Angel (1978)
- Conquest (1980)
- Equator (1985)
- Live in Europe 1979 (1986) – recorded 1979
- Live in Moscow (live, 1988)
- Raging Silence (1989)
- Different World (1991)
- Sea of Light (1995)
- Spellbinder (live, 1996)
- Sonic Origami (1998)
- Future Echoes Of The Past (live, 2000)
- Akustiskally Driven (live, 2001)
- Electrically Driven (live, 2001)
- The Magician's Birthday Party (live, 2002)
- Live in the USA (2003)
- Magic Night (live, 2004)
- Wake the Sleeper (2008)
Med Wishbone Ash
endre- Twin Barrels Burning (1982)[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Trevor Bolder» frå Wikipedia på engelsk, den 30. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Biography». nndb.com. Henta 30. april 2011.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Hill, Gary. «Trevor Bolder». Allmusic. Henta 30. april 2011.
- ↑ 3,0 3,1 «Allmusic ((( Trevor Bolder > Credits )))».