The Twist ved Kistefos
The Twist er ei bru, eit kunstgalleri og ein skulptur i ei og same bygning som ligg ved Kistefos-Museets skulpturpark.
The Twist | |||
| |||
The Twist 60°13′18″N 10°21′50″E / 60.2216995°N 10.3638731°E |
---|
Ho er tenkt som ein bjelke som er vridd 90 gradar nær midten for å skape ei skulpturell form når ho vrir seg med eit spenn på 60 meter over Randselva.[1]
The Twist er designa av det danske arkitektfirmaet Bjarke Ingels Group (BIG) og blei innvigd i 2019 av dronning Sonja.[2]
Både Bloomberg og The Daily Telegraph har kåra The Twist til ei av dei vakraste og mest spennande bygningane som vart opna i 2019.[2]
Brua
endreKistefos trong eit nytt museumsbygg som oppfylte krava til ambisjonane staden hadde om å kunne syne fram internasjonal kunst av høg klasse. I tillegg hadde dei eit behov for ei bru nummer to i parken, ettersom parken var blitt utvida nedover på begge sider av elva. Ideen om å slå saman desse to behova i eit og same bygg kom frå arkitektane i Bjarke Ingels Group. Ei bru som spenner 60 meter over ei elv og ei bygning i eitt gjev ein kompleks konstruksjon.[3]
Den 1000 m² store bygninga går over Randselva, som på denne staden er grensa mellom kommunane Jevnaker og Ringerike. Brua bind saman stien i landskapet i skulpturparken, og begge sider av bygget fungerer som hovudinngang.[1]
Brua har en dobbeltbogande geometri består av rette 40 cm breie aluminiumspanel i ei vifterørsle. Frå sørsida av elva går ein inn via ei dramatisk toetasjes dør, og inne har ein klår siktlinje gjennom heile bygninga til inngangen i nord. I nordenden gjev ein glasvegg i full høgde panoramautsikt til Kistefos Træsliberi og elva, mens vindauga bøyer seg oppover frå full høgde til å danne ei 25 cm brei stripe med takvindauge.[1][3]
Galleri
endreThe Twist har tre galleri: Closed Gallery, Twist Gallery og Panorama Gallery.
Closed Gallery har høg takhøgde og ingen vindauge som slepp dagsljoset inn. Twist Gallery er, som namnet antydar, innsida av sjølve «twisten». I denne delen blir tak til veggar og veggar til tak når bygget vrir seg 90 gradar. I nordenden kjem ein inn i Panorama Gallery som med sine store vindauge slepp dagsljoset inn og gjev utsikt over dei omliggjande områda, elva og skulpturparken.[3]
Skulpturen
endreDen uvanlege skulpturelle forma vekte merksemd heilt frå det fyrste gong blei vist teikningar av bygget.[4]
Vridinga midt på gjev ein dramatisk verknad, og det er ein unik bygning som strekk seg som ein skulptur over elva. Samspelet mellom bygninga, elva og skogen skiftar etter tidspunkt på året, dagen og veret.[1][3]
Bilete av The Twist
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «The Twist Museum in Norway by BIG Architects - Bjarke Ingels Group». ArchEyes (på engelsk). 31. august 2020. Henta 28. mars 2022.
- ↑ 2,0 2,1 «The Twist Gallery». Dossier Magazine (på engelsk). Henta 28. mars 2022.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 «The Twist Gallery». Dossier Magazine (på engelsk). Henta 28. mars 2022.
- ↑ Carlson, Cajsa (29. oktober 2019). «An Art Gallery With a Twist in the Norwegian Forest». Culture Trip. Henta 28. mars 2022.
- Denne artikkelen bygger på «The Twist» frå Wikipedia på bokmål, den 19. september 2023.