The Valley er hovudstaden på den karibiske øya Anguilla, som er eit britisk oversjøisk territorium. Byen ligg i ein dal ved vika Crocus Bay nordvest på øya. Han har kring 2 000 innbyggjarar.

The Valley
By (town) og hovudstad
Sandy Ground Anguilla.jpg
Strand nær The Valley
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Oversjøisk territorium Flag of Anguilla.svg Anguilla
Koordinatar 18°13′15″ N 63°3′6″ W
Folketal 1 169 (2001)

The Valley
18°13′15″ N 63°3′6″ W
Relief Map of Caribbean.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: The Valley, Anguilla

Ettersom administrasjonen av Anguilla blei flytta til øya St. Kitts i 1825, har The Valley få bygningar frå kolonitida. Eit døme er likevel Wallblake House frå 1787, som i dag er i bruk som prestegard. The Valley har rettslokale, postkontor og eit museum ved National Trust.

SamferdsleEndra

The Valley har ei hamn som blir mykje brukt av kryssingsfartøy og større og mindre fritidsbåtar. I tillegg ligg Wallblake lufthamn rundt 3 km søraust for sentrum.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra