Britiske oversjøiske territorium

Britiske oversjøiske territorium (engelsk British overseas territories; tidlegare kjent som biland eller kronkoloniar) er territorium som er underlagde britisk overhøgleik utan å vera ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Desse omfattar i dag fjorten territorium med historiske og administrative band til Storbritannia.[1][2][3] Britiske oversjøiske territorium må haldast fråskilde frå kroneige, som har eit anna konstitusjonelt tilhøve til Storbritannia, og protektorat, som formelt ikkje var underlagt britisk overhøgleik. Dei må heller ikkje forvekslast med Samvelde-kongerike, som er suverene statar med den britiske monarken som statssjef.

Plasseringa til dei ulike britiske oversjøiske territoria.

Tidlegare blei kronkoloniar administrert direkte frå tenestemenn utpeikte av den britiske regjeringa. I dag er dei fleste britiske oversjøiske territoria meir eller mindre sjølvstyrte, berre avhengig av Storbritannia når det gjeld forsvar, utanrikssaker og handel.

Oversjøiske territorium har aldri vore sett på som del av Storbritannia og har aldri vore representerte i det britiske parlamentet, med den grunngjevinga at dei er separate jurisdiksjonar. Dronning Elizabeth II er statssjef i dei oversjøiske territoria som dronning av Storbritannia, ikkje som dronning av kvart territorium. Dette til skilnad frå Samvelde-kongerika, som Canada eller Australia, der dronninga har ei uttrykkjeleg rolle i kvart kongerike som «dronning av Canada» eller «dronning av Australia».

Monarken utnemner ein guvernør for kvart territorium som handlar på vegner av han eller henne og er ansvarleg for den indre tryggleiken i territoriet, samt opptrer som ein delegat mellom territoriet og den britiske regjeringa. Guvernøren har makt til å oppløysa den lovgjevande forsamlinga i territoriet og må sanksjonera alle nye lover. Guvernøren er vanlegvis frå Storbritannia.

Nåverande oversjøiske territorium

endre
Flagg Våpen Namn på territoriet Plassering Motto Areal Folketal Hovudstad
    Anguilla Karibia Strength and Endurance (‘Styrke og uthald’) 102 km²
(39.4 sq mi)
12,800 The Valley
    Bermuda Atlanterhavet Quo fata ferunt (‘Om skjebnen tek vare på [oss]’) 53,3 km² 64 482 Hamilton
    Britisk Antarktis Antarktis Research and discovery (‘Forsking og oppdaging’) 1,709,400 km² 200 (mannskap) Rothera forskningsstasjon (hovudbase)
  Det britiske territoriet i Indiahavet Indiahavet In tutela nostra Limuria (‘Limuria er vårt ansvar’) 60 km² 3 200 militære og anna mannskap Diego Garcia (base)
    Dei britiske jomfruøyane Karibia Vigilate (‘Ver på vakt’) 153 km² 21 730 Road Town
  Caymanøyane Karibia He hath founded it upon the seas (‘Han hev grunnlagt det på hava’) 260 km² 46 600 George Town
    Falklandsøyane Sør-Atlanteren Desire the right (‘Trø etter det rette’) 12 173 km² 2 967 Stanley
    Gibraltar Sør-Europa Nulli expugnabilis hosti (‘Uovervinneleg for fiendar’) 6.5 km² 27 776 Gibraltar
    Montserrat Karibia Each Endeavouring, All Achieving (‘Kvar ein strebar, alle utretter’) 102 km² 9 000 Plymouth (forlaten på grunn av vulkanutbrot — de facto-hovudstad er Brades)
    Pitcairnøyane Stillehavet Ukjent (moglegvis Come, ye blessed då dette er namnet på nasjonalsongen (‘Kom, de signa’) 43 km²
(alle øyene)
67 Adamstown
    Saint Helena, (Ascension, Tristan da Cunha) Søratlanteren Loyal and unshakeable (‘Lojal og urokkeleg’) 410 km²
(alle øyane)
6 563 Jamestown
    Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane Søratlanteren Leo terram propriam protegat (‘La løva verna om sitt eige land’) 3 903 km² 11-26 (mannskap) King Edward Point/Grytviken
    Dei suverene baseområda Akrotiri and Dhekelia Middelhavet (på Kypros) Dieu et mon droit (fransk: «Gud og min rett») 254 km² 15 000 (nesten halvparten er britisk mannskap og militære) Episkopi Cantonment
  Turks- og Caicosøyane Karibia One people, one nation, one destiny (‘Eitt folk, éin nasjon, éin skjebne’) 430 km² 21 500 Cockburn Town

Kjelder

endre
  1. «Supporting the Overseas Territories». UK Government. Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 8 November 2014. «There are 14 Overseas Territories which retain a constitutional link with the UK. .... Most of the Territories are largely self-governing, each with its own constitution and its own government, which enacts local laws. Although the relationship is rooted in four centuries of shared history, the UK government's relationship with its Territories today is a modern one, based on mutual benefits and responsibilities. The foundations of this relationship are partnership, shared values and the right of the people of each territory to choose to freely choose whether to remain a British Overseas Territory or to seek an alternative future.» 
  2. «British Overseas Territories Law». Hart Publishing. Arkivert frå originalen 21. juni 2020. Henta 19. juni 2020. «Most, if not all, of these territories are likely to remain British for the foreseeable future, and many have agreed modern constitutional arrangements with the British Government.» 
  3. «United Kingdom Overseas Territories – Toponymic Information» (PDF). Present Committee on Geographic Names. Arkivert frå originalen (PDF) 11. mai 2022. Henta 7. januar 2023.