Opna hovudmenyen
The Wicker Man
av Iron Maiden
frå albumet Brave New World
B-side Standard Edition CD
«Futureal» (live)
«Man On The Edge» (live)
Limited Edition CD's
«Man On The Edge» (live)
«Powerslave» (live)
«Killers» (live)
«Futureal» (live)
12" LP
«Powerslave» (live)
«Killers» (live)
Utgjeve 8. mai 2000
Innspelt 1999-2000
Sjanger Heavy metal
Lengd 4:35
Selskap EMI
Låtskrivar(ar) Adrian Smith
Steve Harris
Bruce Dickinson
Produsent Kevin Shirley
Steve Harris
Iron Maiden-kronologi
«Futureal»
(1998)
The Wicker Man «Out of the Silent Planet»
(2000)


«The Wicker Man» er ein song av Iron Maiden, gjeven ut som den første singelen deira frå albumet Brave New World i april 2000. Han vart skriven av Adrian Smith, Bruce Dickinson og Steve Harris og produsert av Kevin Shirley og Harris. Tittelen er inspirert av den britiske kultfilmen med same namn. Songen må ikkje forvekslast med «Wicker Man» frå solokarrieren til Dickinson, som har ein tekst kring same tema. Sistnemnde finst på ei utgåve av The Best of Bruce Dickinson.

KomposisjonEndra

I følgje Dickinson starta «The Wicker Man» som eit riff Adrian Smith «leika seg med». Dickinson syntest riffet var bra og la til ein fengande melodi til songen. Steve Harris byrja så å spele i lag med riffet. Dickinson sa at songen vart skriven utan at dei prøvde å lage ein song. Det var den første songen bandet øvde på i lag etter at Dickinson og Smith kom attende.[1] Dickinson sa at prosessen med å skrive teksten var eit forsøk på å få «den same stemninga eg får på scenen føre alle desse menneska og dei byrjar å syngje i lag med deg».[2]

Radioversjonen av songen skil seg frå albumversjonen, der teksten i refrenget er noko annleis. Denne versjonen vert rekna som særs sjeldan. Omslaget til singelen vart laga av Mark Wilkinson, etter at bandet avviste eit forslag frå den kjende kunstnaren Derek Riggs. Dette vart det siste stykket Riggs laga for Iron Maiden før Flight 666, og sa at dei var for vanskelege å arbeide med.[3]

I 2001 vart songen nominert til Grammyprisen i kategorien beste metal-song, men tapte for «Elite» av Deftones.[4]

Songen er med som ein spelbar song i videospelet Rock Band Blitz.

Avgrensa utgåverEndra

Det vart òg gjeve ut ei avgrensa utgåve av «The Wicker Man». Den avgrensa utgåva kom med to CD-plater og ein plakat med bilete på begge sider, i tillegg til eit utval av konsertopptak spelt inn under Ed Hunter-turneen. Den europeiske utgåva av singelen kom òg med ei ølbrikke. [5]

InnhaldEndra

StandardutgåveEndra

  1. «The Wicker Man» (Adrian Smith, Steve Harris, Bruce Dickinson) – 4:35
  2. «Futureal» (live - Helsinki ishall, Finland 15. september 1999) (Harris, Blaze Bayley) – 2:58
  3. «Man on the Edge» (live - Filaforum, Milano i Italia 23. september 1999) (Bayley, Janick Gers) – 4:37
  4. «The Wicker Man (video)» (Smith, Harris, Dickinson) – 4:35

Limited Edition Disc 1Endra

  1. «The Wicker Man» (Smith, Harris, Dickinson) – 4:35
  2. «Man on the Edge» (live - Filaforum, Milano i Italia 23. september 1999) (Bayley, Gers) – 4:37
  3. «Powerslave» (live - Palau Olimpico, Barcelona i Spania 25. september 1999) (Dickinson) – 7:11
  4. «The Wicker Man» (video) (Smith, Harris, Dickinson) – 4:35

Limited Edition Disc 2Endra

  1. «The Wicker Man» (Smith, Harris, Dickinson) – 4:35
  2. «Futureal» (live - Helsinki ishall, Finland 15. september 1999) (Harris, Bayley) – 2:58
  3. «Killers» (live - Ahoy, Rotterdam, Nederland 10. september 1999) (Harris, Paul Di'Anno) – 4:28
  4. «Futureal» (konsertvideo) (Harris, Bayley) – 2:58

12" Biletdisk LPEndra

  1. A1 - «The Wicker Man» (Smith, Harris, Dickinson) – 4:35
  2. B1 - «Powerslave» (live - Palau Olimpico, Barcelona i Spania 25. september 1999) (Dickinson) – 7:11
  3. B2 - «Killers» (live - Ahoy, Rotterdam, Nederland 10. september 1999)" (Harris, Di'Anno) – 4:28

MedverkandeEndra

Henta frå singelomslaget:[6][7]

Iron Maiden
Produksjon
  • Kevin Shirley – produsent, miksing (utanom «Killers», «Powerslave»)
  • Doug Hall – miksing («Killers», «Powerslave»)
  • George Marino – mastering («The Wicker Man»)
  • Simon Heyworth – mastering (utanom «The Wicker Man»)
  • Johnny Burke – videobilete
  • Mark Wilkinson – illustrasjon på omslaget

ListerEndra

KjelderEndra

  1. Marshall, Clay. «Interview with Bruce Dickinson». Detritus. maidenfans.com. 
  2. Maiden's Back, with Familiar Voice
  3. «The Wicker Man Rejected Artwork». maiden-world.com. 
  4. «Grammy Awards: Best Metal Performance». Rock on the Net. Henta 2. september 2016. 
  5. «Beermat». Henta 2. september 2016. 
  6. «The Wicker Man» CD Single. Iron Maiden. EMI. 8. mai 2000. 
  7. «The Wicker Man» Picture Disc Single. Iron Maiden. EMI. 8. mai 2000. 
  8. «Iron Maiden Billboard Singles». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 1. september 2016. 
  9. «Discographie Iron Maiden» (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 1. september 2016. 
  10. «Iron Maiden discography». Den finske albumlista. Finnishcharts.com. Henta 1. september 2016. 
  11. «Discographie Iron Maiden». SNEP (på French). Lescharts.com. Henta 1. september 2016. 
  12. «Iron Maiden Single-Chartverfolgung». Media Control Charts (på tysk). Musicline.de. Henta 1. september 2016. 
  13. «Iron Maiden songs». FIMI. Italiancharts.com. Henta 1. september 2016. 
  14. «Iron Maiden discography». VG-lista. Norwegiancharts.com. Henta 1. september 2016. 
  15. «Iron Maiden discography». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 1. september 2016. 
  16. «Iron Maiden - 'The Wicker Man'». Hitparade. Henta 1. september 2016. 
  17. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 20. mai 2000». Official Charts Company. Henta 1. september 2016.