Steve Harris
Stephen Percy «Steve» Harris (fødd 12. mars 1956) er ein engelsk musikar og låtskrivar. Han er best kjend som bassist og den viktigaste låtskrivaren i det britiske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han er det einaste medlemmmet i Iron Maiden som har vore med sidan starten i 1975, i lag med gitaristen Dave Murray.
Steve Harris | |||
Steve Harris på scenen i 2008 | |||
Fødd | 12. mars 1956 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Leytonstone i Essex i England | ||
Fødenamn | Stephen Percy Harris | ||
Alias | 'Arry | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1972 til i dag | ||
Sjanger | Heavy metal, hardrock | ||
Instrument | Bassgitar, klaverinstrument, vokal | ||
Kjende instrument | Fender Precision Bass | ||
Stemmetype | bassrøyst | ||
Tilknytte artistar | Iron Maiden, Lauren Harris, Smiler, Gypsy's Kiss | ||
Plateselskap | EMI | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar | ||
Born | Lauren Harris |
Harris har ein gjenkjenneleg og populær spelestil på bassen, særleg den «galopperande» stilen som ein kan høyre på fleire Iron Maiden-songar, som singlane «Run to the Hills» og «The Trooper». I tillegg til å spele bass, skrive låtar og synge korvokal, har han hatt andre roller i gruppa, som å produsent og medprodusent, regissør for konsertvideoane deira, og spele klaverinstrument og synthesizerar i studio. Han har blitt omtalt som ein av dei beste heavy metal-bassistane.
Den 24. september 2012 gav Harris ut det første soloalbumet sitt, British Lion.
Tidleg liv
endreHarris var fødd i og voks opp i Leytonstone, der han ønskte å bli profesjonell fotballspelar.[1] Han vart oppdaga av Wally St Pier og fekk trene med West Ham United.[2] Tidleg i tenåra vart han interessert i rockemusikk, og forstod at han ikkje lenger ønskte å spele fotball.[2]
I starten ønskte Harris å spele trommer,[3] mmen hadde ikkje nok plass til eit trommesett heime og valde å spele bass i staden.[4] Han var heilt sjølvlært,[5] og den første bassen hans var ein kopi av ein Fender Precision-modell som kosta han £40 i 1971.[3]
Berre 10 månader etter han kjøpte den første bassen sin, vart Harris med i eit band, først kalla Influence og seinare Gypsy's Kiss, med Bob Verscoyle (solovokal), Dave Smith (gitar) og trommeslagaren Paul Sears.[6] Etter nokre få konsertar i Cart and Horses pub i Maryland Point i Stratford og the Bridgehouse i Canning Town,[7] vart bandet oppløyst og Harris prøvespelte for bandet Smiler i februar 1974.[8] Her byrja Harris å skrive sine eigne songar og arbeidde med dei framtidige Iron Maiden-medlemmane Dennis Wilcock og Doug Sampson,[9] men slutta i bandet då dei nekta å spele songane hans, som dei meinte var for kompliserte.[10]
Karriere
endreIron Maiden
endreEtter han slutta i Smiler, starta Harris opp Iron Maiden på juledagen 1975.[10] Før Iron Maiden fekk kontrakt med EMI i 1979, arbeidde Harris som teknisk teiknar i East End of London fram til han vart overflødig. Han tok seg då jobb som gatefeiar.[11][12]
Frå starten av bandet var Harris den viktigaste låtskrivaren i bandet.[13] Songane hans hadde ofte ein galopperande bass, som ein kan høyre mykje på songar som «The Trooper» og «Run to the Hills»,[14][15] og taktendringar påverka av progressiv rock.[4][16] I seinare år har songane til Harris blitt meir progressive,[17][18] og gitaristen Adrian Smith har sagt at Harris no føretrekkjer «tekstar og melodiar og arrangering» for songane til dei andre medlemmane, i staden for å skrive aleine.[19] Harris har ofte skrive tekstar om mytologi, historie og tema inspirerte frå bøker og filmar, og reflekterer interessene sine og påverknaden til progressiv rock.[11][20][21]
Soloprosjekt
endreI september 2012 gav Harris ut det første soloalbumet sitt, British Lion.[22]
Diskografi
endre- Iron Maiden (1980)
- Killers (1981)
- The Number of the Beast (1982)
- Piece of Mind (1983)
- Powerslave (1984)
- Somewhere in Time (1986)
- Seventh Son of a Seventh Son (1988)
- No Prayer for the Dying (1990)
- Fear of the Dark (1992)
- The X Factor (1995)
- Virtual XI (1998)
- Brave New World (2000)
- Dance of Death (2003)
- A Matter of Life and Death (2006)
- The Final Frontier (2010)
- The Book of Souls (2015)
- Solo
- British Lion (2012)
- Lauren Harris
- Calm Before the Storm (2008)
- Deeds
- Blown (produsent, 2002)[23]}}
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Steve Harris (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2016.
- ↑ Wall 2004, s. 15.
- ↑ 2,0 2,1 Wall 2004, s. 17.
- ↑ 3,0 3,1 Wall 2004, s. 20.
- ↑ 4,0 4,1 The History of Iron Maiden – Part 1: The Early Days. [DVD]. EMI. 23 November 2004.
- ↑ Gers, Janick. «Steve Harris as known by Janick Gers». Iron Maiden Official Website. Arkivert frå originalen 19. august 2010. Henta 21. august 2016.
- ↑ Wall 2004, s. 21.
- ↑ Wall 2004, s. 23.
- ↑ Wall 2004, s. 24.
- ↑ Wall 2004, s. 25.
- ↑ 10,0 10,1 Wall 2004, s. 26.
- ↑ 11,0 11,1 Ling, Dave (2005). «Powerslave Driver». Metal Hammer presents: Iron Maiden 30 Years of Metal Mayhem: 31–34.
- ↑ Wall 2004, s. 114.
- ↑ «The 60 greatest bassists of all time – 16/60, Steve Harris». MusicRadar. 24 September 2010. Arkivert frå originalen 24. oktober 2013. Henta 21 September 2011.
- ↑ Huey, Steve. «Piece of Mind – Review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 19 November 2011.
- ↑ Lawson, Dom. «666 of the Best». Kerrang! Legends (2): 36–37.
- ↑ «Iron Maiden Bassist Talks About His Technique And Influences». Blabbermouth.net. 24 September 2004. Henta 25 April 2008.
- ↑ Dome, Malcolm (September 2006). «The Good Life». Classic Rock (97): 76.
- ↑ Dome, Malcolm (September 2006). «Iron Maiden: War all the Time». Metal Hammer (157): 34–40.
- ↑ McIver, Joel (December 2010). «Iron Maiden: Adrian Smith». Total Guitar (208): 40–42.
- ↑ Popoff, Martin (2005). «Maiden at the Movies». Metal Hammer presents: Iron Maiden 30 Years of Metal Mayhem: 104–105.
- ↑ Young, Simon. «Iron Men». Kerrang! Legends (2): 90–93.
- ↑ «Iron Maiden's Steve Harris Announces First Ever Solo Album 'British Lion'». Metal Hammer. 21. august 2016. Arkivert frå originalen 23. februar 2014. Henta 21. august 2016.
- ↑ «Deeds Set Tentative Release Date For Blown». Blabbermouth.net. 23 May 2002. Henta 13 January 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Steve Harris på Allmusic
- Steve Harris ved The Internet Movie Database (IMDb)