Dave Murray
David Michael «Dave» Murray (fødd 23. desember 1956) er ein engelsk gitarist og låtskrivar, mest kjend som ein av dei tidlege medlemmane i det britiske heavy metal-bandet Iron Maiden. I lag med bassisten og hovudlåtskrivaren i gruppa, Steve Harris, har Murray vore med på alle albuma til bandet.
Dave Murray | |
![]() Dave Murray på scenen i San José 26. februar 2008 | |
Fødd | 23. desember 1956 (66 år) |
---|---|
Fødestad | Edmonton i London i England |
Fødenamn | David Michael Murray |
Opphav | Storbritannia |
Aktiv | 1972 til i dag |
Sjanger | Heavy metal, hardrock |
Instrument | Gitar |
Kjende instrument | Fender Stratocaster, Gibson Les Paul |
Tilknytte artistar | Iron Maiden, Urchin |
Plateselskap | EMI |
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Murray voks opp forskjellige stader i London og vart medlem av ein skinhead-gjeng før han vart interessert i rock 15 år gammal og danna sitt eige band, Stone Free, med barndomsvenen Adrian Smith. Då han slutta på skulen 15 år gammal,[1] svarte han ofte på annonsar i Melody Maker før han prøvespelte for Iron Maiden i 1976. Ei kort stund seinare fekk Murray sparken etter ein krangel med vokalisten i bandet, Dennis Wilcock, og var seks månader i bandet til Smith, Urchin. Våren 1978 vart Murray igjen beden om å bli med i Iron Maiden etter at Wilcock hadde slutta, og har vore med i bandet sidan den gongen.
Diskografi Endra
- Iron Maiden
- Iron Maiden (1980)
- Killers (1981)
- The Number of the Beast (1982)
- Piece of Mind (1983)
- Powerslave (1984)
- Somewhere in Time (1986)
- Seventh Son of a Seventh Son (1988)
- No Prayer for the Dying (1990)
- Fear of the Dark (1992)
- The X Factor (1995)
- Virtual XI (1998)
- Brave New World (2000)
- Dance of Death (2003)
- A Matter of Life and Death (2006)
- The Final Frontier (2010)
- The Book of Souls (2015)
- Gjesteartist
- Hear 'n Aid – «Stars» (1985)
- Nicko McBrain – Rhythms of the Beast (video, 1991)
- Psycho Motel – «With You Again», Welcome to the World (1997)
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Dave Murray (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Endra
- Dave Murray på Allmusic
- Dave Murray ved The Internet Movie Database (IMDb)