The Wonderful 101

The Wonderful 101 er eit action-eventyrspel utvikla av PlatinumGames og utgjeve av Nintendo til Wii U. Det vart utvikla i regi av Hideki Kamiya og produsert av Atsushi Inaba, som begge har vore involverte i utviklinga av spela Viewtiful Joe og Ōkami. The Wonderful 101 vart utgjeve i august 2013 i Europa og Japan, og i Nord-Amerika månaden etter.

The Wonderful 101
Utviklar(ar)PlatinumGames
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Hideki Kamiya
Produsent(ar)Atsushi Inaba
Hitoshi Yamagami
Komponist(ar)Norihiko Hibino
Plattform(er)Wii U, Nintendo Switch, Microsoft Windows, PlayStation 4
UtgjevingWii U
EU: 23. august 2013
JP: 24. august 2013
NA: 15. september 2013
Nintendo Switch, Microsoft Windows, PlayStation 4
April 2020
SjangerAction
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
Nettstadhttp://www.thewonderful101.nintendo.com/

I The Wonderful 101 styrer spelaren ein horde av superheltar sett frå eit fugleperspektiv. Heltane kan gjere seg om til ulike ting kalla «Unite Morphs», og spelaren kan bruke desse til å nedkjempe fiendar, løyse gåter eller traversere miljøa i spelet.[1]

Ein Kickstarter-kampanje vart starta i februar 2020 for å finansiere utgåver av spelet til Nintendo Switch, Microsoft Windows og PlayStation 4, med planlagd utgjeving i april 2020.[2]

Kjelder endre

  1. «Wii U: The Wonderful 101». Nintendo. Henta 16. juli 2019. 
  2. «The Wonderful 101: Remastered by PlatinumGames Inc.». Kickstarter. Henta 3. februar 2020. 
  Denne dataspelartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.