Theodore von Kármán (11. mai 1881–6. mai 1963) var ein ungarsk ingeniør og fysikar. Han arbeidde mykje med aerodynamikk, og fleire grunnleggende aerodynamiske teoriar er kalla opp etter han, som kármánsk kvervelgate og den teoretiske grensa mellom jordatmosfæren og verdsrommet utanfor, Kármánlinja.
Theodore von Kármán |
|
|
Fødd | Kármán Tivadar Mihály 11. mai 1881 Budapest |
---|
Død | 7. mai 1963 Aachen |
---|
Nasjonalitet | Det tyske keisardømet, Weimarrepublikken, USA, Ungarn |
---|
Område | fluidmekanikk, aerodynamikk, luft- og romfartsteknikk, termodynamikk, flybygging |
---|
Yrke | fysikar, matematikar, flyingeniør, oppfinnar, universitetslærar, idist, ingeniør, astronom, vitskapsperson |
---|
Institusjonar | Ganz RWTH Aachen California Institute of Technology Universitetet i Göttingen |
---|
Alma mater | Budapest University of Technology and Economics Universitetet i Göttingen |
---|
Doktorgradsrettleiar | Ludwig Prandtl |
---|
Medlem | Royal Society National Academy of Sciences American Philosophical Society Det franske vitskapsakademiet Accademia Nazionale dei Lincei Real Academia de Ciencias Exactas, Físicas y Naturales Royal Academy of Fine Arts of Saint Isabel of Hungary American Academy of Arts and Sciences American Association for the Advancement of Science American Association of University Professors American Astronautical Society American Geophysical Union American Mathematical Society American Meteorological Society National Defense Industrial Association American Physical Society American Rocket Society American Society of Civil Engineers American Society of Mechanical Engineers Association Française des Ingénieurs et Techniciens de l'Aéronautique et de l'Espace Associazione Italiana di Aerotecnica Calcutta Mathematical Society Franklin Institute Indian Academy of Sciences Institute of the Aerospace Sciences Det pavelege vitskapsakademiet Royal Aeronautical Society Weizmann Institute of Science Accademia delle Scienze di Torino |
Kármán vart fødd i Budapest i Austerrike-Ungarn under namnet Kármán Tódor og studerte til ingeniør der fram til 1902. Han tok doktorgraden ved universitetet i Göttingen i 1908 og underviste der i fleire år. Men etter at han såg ei flyging vart han så fascinert av flyging at han byrja å forske på aerodynamikk. I 1912 vart han sjef for det aerodynamiske instituttet ved universitetet i Aachen; han fortsette i denne stillinga fram til 1930, berre avbroten av første verdskrigen, då han tente i den austerriksk-ungarske hæren, der han mellom anna konstruerte ein helikopterprototype.
På grunn av hendingane i Europa i starten av 1930-åra flytta han til USA. I 1949 vart han knytt til NATO som konsulent for gruppa for aeronautiske forsøk. Kármán er kjent for sine grunnleggjande aerodynamiske arbeid. Han studerte særleg kvervelstraumar i gassar og væsker og friksjonskreftene ved kvervelrørsler.