Theodoros Angelopoulos

Theodoros Angelopoulos (27. april 193524. januar 2012) var ein gresk filmregissør. Han er kjend for lange innstillingar, langsamt tempo og tok ofte opp tema frå nyare gresk historie.

Theodoros Angelopoulos

Verkeleg namn Θόδωρος Αγγελόπουλος
Statsborgarskap Hellas
Fødd 27. april 1935
Aten
Død

24. januar 2012 (76 år)
Pireus

Yrke filmregissør, manusforfattar, filmprodusent, filmmeldar, skodespelar, journalist, regissør
Språk gresk, italiensk, fransk
Ektefelle Foivi Oikonomopoulou
Nettstad http://www.theoangelopoulos.gr
Theodoros Angelopoulos på Commons

Biografi

endre

Angelopoulos studerte juss i Athen, men etter militærtenesta drog han til Paris, der han gjekk på universitet. Han droppa studia for å heller studere film på IDHEC (Institut des Hautes Études Cinématographiques), som også ligg i Paris. Deretter drog han tilbake til Hellas og arbeidde som journalist og filmkritikar.

Angelopoulos laga den fyrste kortfilmen sin i 1968. På 1970-talet laga han ein serie med politiske spelefilmar om det moderne Hellas, sånn som Meres tou 36 (1972), O Thiassos (1975) og I Kinighi (1977). Fleire kjende filmar er Topio stin Omichli (1988), To Vlemma tou Odyssea (1995), Mia aiwniothta kai mia mera (1998) og Trilogia I: To Livadi pou dakryzei (2004).

Under Cannes filmfestival i 1998 fekk Angelopoulos-filmen Mia aiwniothta kai mia mera Gullpalmen for beste film.

Tidleg i karrieren sin grunnla han ein karakteristisk stil med langsam, episodisk og tvitydig forteljarteknikk (O Thiassos, som varar i heile fire timar, består av berre 80 innstillingar. Innstillingane er ofte kompliserte, nøye koreograferte og inneheld store folkemassar.

Samarbeid

endre

Angelopoulos samarbeider ofte med fotografen Giorgos Arvanitis og komponisten Eleni Karaindrou under filmproduksjonane sine.

Triva

endre

I boka The New Biographical Dictionary of Film av filmkritikaren David Thomson er Angelopoulos rekna som ein av dei største levande regissørane i verda.