There'll Be Some Changes Made
«There'll Be Some Changes Made» er ein popsong med musikk av Benton Overstreet og tekst av Billy Higgins,[1][2] publisert i 1921. Songen er ein jazzstandard det er gjort mange innspelingar av.
«There'll Be Some Changes Made» | |
Musikk av | Benton Overstreet |
---|---|
Tekst av | Billy Higgins |
Publisert | 1921 |
Språk | engelsk |
Chet Atkins og Mark Knopfler spelte inn ein parodiversjon av songen i 1990 med referansar til Dire Straits-songen «Money for Nothing», særleg linja «Money for nothin' and chicks for free».
Referansar i popkulturen
endre- I filmen Slaughterhouse-Five, syng ein kvartett songen då flyet Billy Pilgrim reiser i kjem ut av kontroll og styrtar.
- Barbara Feldon syng songen i ein episode av Get Smart frå 1966 kalla «Casablanca».
- Ann Reinking syng songen til Roy Scheider i ein av fantasisekvensane på sjukehuset i filmen All That Jazz i 1979, regissert av Bob Fosse.
- I 2012 var versjonen til Kathy Brier nytta i ein episode i sesong 3 av Boardwalk Empire.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «There'll Be Some Changes Made» frå Wikipedia på engelsk, den 15. januar 2015 og 15. desember 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Higgins, Billy» (reference entry; the "other" Billy Higgins), Oxford Index: American National Biography Online (retrieved November 22, 2016)
- ↑ BMI Song Listings Arkivert 2006-11-24 ved Wayback Machine.,