Thiago Motta

fotballspelar

Thiago Motta (fødd 28. august 1982) er ein brasiliansk-italiensk fotballspelar som i 2014 speler for den franske klubben Paris Saint-Germain FC. Motta kom til Europa frå Brasil i 1999 og tok til å spela for B-laget til FC Barcelona. Seinare har han spelt for både spanske, italienske og franske lag. Han vart seriemeister i Spania med Barcelona i 2005 og 2006, i Italia med Inter i 2010 og i Frankrike med PSG i 2013 og 2014. I 2006 var han med på å vinna den europeiske Meisterligaen med Barcelona, og i 2010 vann han den same turneringa med Inter. Han vann òg VM for klubblag med Inter i 2010.

Thiago Motta
Personleg informasjon
Fødd 28. august 1982 (41 år)
Fødestad São Bernardo do Campo
Høgd 187 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Frankrike Paris Saint-Germain
Nummer 8
Ungdomsklubbar
1997-1999 Brasil Clube Atlético Juventus
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999-2001
2001-2007
2007-2008
2008-2009
2009-2012
2012-
Spania FC Barcelona B
Spania FC Barcelona
Spania Atletico Madrid
Italia CFC Genoa
Italia Inter Milan 
Frankrike Paris Saint-Germain
84 (11)
96 (6)
6 (0)
27 (6)
55 (11)
58 (6)
Landslag
1999
2003
2009-
Brasil Brasil U17
Brasil Brasil
Italia Italia
3 (1)
2 (0)
20 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. mai 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 31. mai 2014

Thiago Motta er av italiensk familie og som italiensk statsborgar kunne han difor bli med på det italienske herrelandslaget i 2009. Han var med på den italienske troppen i EM i fotball 2012. Under finalen mot Spania den 1. juli låg Italia under 0-2 etter fyrste omgang. Trenar Prandelli hadde allereie gjort to byte og ville no gjera sitt tredje ved å setja inn Motta som innbytar for Riccardo Montolivo. Men etter få minutt på banen skadde Motta beinet og kunne ikkje spela meir. Motta vart teken av banen og Italia måtte spela resten av finalen med 10 mann. Resultatet vart til slutt 0-4.

Kjelder endre

  Denne fotballartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.