Paris Saint-Germain
Paris Saint-Germain Football Club er ein fotballklubb i Paris i Frankrike. Han vart skipa 12. august 1970 då klubbane Paris FC og Stade Saint-Germain vart slått saman. PSG, som klubben vert omtala lokalt, har delteke i den franske toppserien sidan 1974. Klubben vann Cupvinnarcupen i 1996 og har vorte fransk seriemeister fem gongar i tida 1986-2015. Åtte gongar har Paris Saint-Germain gått sigerrike ut av den fransk cupmeisterskapen.
Fullt namn | Paris Saint-Germain Football Club | |||
---|---|---|---|---|
Kallenamn | Les Parisiens «Parisarane» Les Rouge et Bleu «Dei raude og blåe» | |||
Kort namn | Paris SG, PSG | |||
Grunnlagd | 12. august 1970 | |||
Heimebane | Parc des Princes (kapasitet: 47,929) | |||
Hovudtrenar | Thomas Tuchel | |||
Liga | Ligue 1 | |||
2021/22 | 1. plass i Ligue 1 | |||
Nettstad | Heimeside | |||
| ||||
Noverande sesong |
Klubben, som spelar i mørkeblå drakter, har sidan opprykket i 1974 spelt heimekampane på Parc-des-Princes.
Qatar Sports Investments, eit pengefond eigd av Qatar, tok kontroll over klubben i 2011 og er eineeigar sidan 2012. Spelarane i Paris Saint-Germain skal vere dei i gjennomsnitt best betalte lagsportsutøvarane i verda i 2014/15.
Spelarstall
endre23. februar 2020.[1] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
|
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Paris Saint-Germain F.C.» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mai 2015.