Tholf Grini

Norsk politikar

Tholf Grini (fødd 17. april 1868) var ein sakførar og politikar, fødd i Fyresdal og oppvoksen i Gjerpen i Telemark.

Far hans var gardbrukar på garden Grini i Gjerpen. Sjølv vart Grini student i 1886 og cand.jur. i 1983. Same året slo han seg ned som overrettssakførar i Skien. Frå 1923 var han sorenskrivar i Bamble.

Grini vart medlem av Skien bystyre i 1897 og hadde plass i formannskapen til 1921. Han var ordførar i fire bolkar; 1899-1905, 1909-10, 1912-14, 1919-20. Styremedlem i Skien-Telemarkens dampskipsselskap i mange år, formann frå 1924.

Grini representerte Skien på Stortinget 1910-12. Han var då varasekretær til Odelstinget, nestformann i protokollkomiteen.

Kjelder endre