Thomas Müller

tysk fotballspelar

Thomas Müller (fødd 13. september 1989 i Weilheim in Oberbayern i Bayern) er ein tysk fotballspelar, som i 2018 spela for Bayern München i tysk Bundesliga. Han har òg landskampar for Tyskland. Han vart verdsmeister med Tyskland i 2014. Müller vart seriemeister i Tyskland med Bayern München i 2010, 2013, 2014, 2015, 2016 og 2017, vann den europeiske Meisterligaen med klubben i 2013 og VM for klubblag same året.

Thomas Müller
Thomas Mueller Training 2017-05 FC Bayern Muenchen-3 (cropped).jpg
Personleg informasjon
Fødd 13. september 1989 (31 år)
Fødestad Weilheim in Oberbayern
Høgd 186 cm
Posisjon Midtbane, spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Bayern München
Nummer 25
Ungdomsklubbar
1993-2000
2000-07
Tyskland Pähl
Tyskland Bayern München
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2007- Tyskland Bayern München 276 (101)
Landslag
2009
2010-
Tyskland Tyskland U21
Tyskland Tyskland
6 (1)
89 (37)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. februar 2018
‡ Landslagsmål oppdatert 8. oktober 2017

Müller debuterte for Tyskland sitt A-landslag 3. mars 2010 i ein privatlandskamp heime mot Argentina. Han vart teken ut i Tyskland sin tropp til fotball-VM i Sør-Afrika same året, og dette vart det store internasjonale gjennombrotet hans. Han spelte seks av Tyskland sine sju kampar, men måtte stå over semifinalen grunna to gule kort. I den første gruppekampen, mot Australia, skåra han det første landslagsmålet sitt, og han skåra til saman fem mål i turneringa. Han vart dermed delt toppskårar i turneringa, saman med tre andre spelarar som òg skåra fem mål. Müller hadde flest målgivande pasningar i tillegg, og vann dermed toppskårarprisen "gullstøvelen". Han vart òg kåra til beste unge spelar i turneringa.