Sir Thomas More (7. februar 14786. juli 1535), også kjend som heilage Thomas More, var ein engelsk advokat, forfattar og statsmann. Medan han levde hadde han omdøme som ein av dei leiande engelske humanistane og hadde mange offentlege embete, mellom anna stillinga som rikskanslar frå 1529 til 1532.[1] Han var også ven av Erasmus frå Rotterdam.

Thomas More

FøddThomas More
7. februar 1478
London
Død6. juli 1535
Tower Hill
TittelRikskanslar i Storbritannia, Member of the 1504 Parliament, kansler for Hertugdømmet Lancaster, Member of the 1510 Parliament, Member of the 1523 Parliament, Speaker of the House of Commons
GravstadSt Peter ad Vincula, St. Dunstan's, Canterbury, Chelsea Old Church
LandKongeriket England
MorAgnes Graunger
FarJohn More
EktefelleJane More, Alice More
BarnMargaret Roper, Elizabeth Dauncey (født More), Cecily Heron (født More), John More II, Margaret Clement

More skapte ordet «utopi», etter namnet «Utopia» som han gav til ein ideell, innbilt øynasjon med eit politisk system han skildra i ei bok utgjeven i 1516. Han er hovudsakleg hugsa for å nekte å akseptere kong Henrik VIII sitt krav å bli overhovud for kyrkja i England under reformasjonen, ei avgjerd som enda hans politiske liv og førte til avretting for forræderi på Tower Hill i London. Før han blei avretta sa han til tilskodarskaren at han døydde som «kongens gode tenar, men først og fremst Guds.»[2]

Helgenstatus endre

I Den katolske kyrkja blei han rekna som martyr kort tid etter han døydde, men først i 1886 blei han formelt sælekåra saman med biskop John Fisher, ein nær ven. Dei to blei heilagkåra saman i 1935 av pave Pius XI, og blir feira saman den 22. juni.[3][4] I 2000 blei han formelt erklært å vere vernehelgen for advokatar, politikarar og statsleiarar. More blei oppteken i den anglikanske kyrkja sin kalender over helgenar i 1980.

Kjelder endre

  1. Linder, Douglas O.: «The Trial of Sir Thomas More: A Chronology», University Of Missouri-Kansas City (UMKC) School Of Law
  2. «About Famous Quotes» Arkivert 2016-10-26 ved Wayback Machine., The Center for Thomas More Studies ved University of Dallas
  3. St. «Thomas More, 1478–1535», Savior.org
  4. «Homily at the Canonization of St. Thomas More» Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine., The Center for Thomas More Studies ved University of Dallas, 2010, sitat: «Recorded in The Tablet, June 1, 1935, pp. 694–695»