Thomas Nordseth-Tiller
Thomas Nordseth-Tiller (27. november 1980–12. mai 2009)[1] var ein norsk manusforfattar frå Lørenskog kommune i Akershus, som skreiv manuset til filmen Max Manus.
Thomas Nordseth-Tiller | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. november 1980 Lørenskog |
Død |
12. mai 2009 (28 år) |
Yrke | manusforfattar, filmprodusent |
Han vart utdanna i Oslo, Perth og San Francisco og oppnådde ein bachelorgrad i film. Han vann pitchekonkurransen på Kosmorama 2007 med manuset «Vi vil oss et land», og var sidan med i andre film- og reklameprosjekt. Han var medforfattar av boka Max Manus: Film og virkelighet, som gjev eit innblikk i korleis historia om motstandshelten Max Manus har vorte omgjort til film.
Nordseth-Tiller skreiv Max Manus som 25-åring som ei av eksamensoppgåvene sine ved Academy of Art i San Francisco.
Thomas stod òg for regien av den norske versjonen av SN og WFP sitt dataspel FoodForce.
Han døydde av kreft i mai 2009 etter eit-to månaders sjukeleie. 21. august 2009 vart han tildelt Amandaprisen for beste filmmanus, ei tildeling som fekk ståande applaus. Familien til Thomas Nordseth-Tiller, leia av broren, og foreldra Kari og Bjørn Nordseth, mottok Amandaprisen på vegner av Thomas.[2] Aksel Hennie hylla òg Thomas i takketalen sin då han sjølv mottok Amandaprisen for beste mannlege skodespelar.[3]
Kjelder
endre- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta torsdag 7. januar 2010, klokka 20:27.
Referansar
endre- ↑ Øystein David Johansen (13. mai 2009). ««Max Manus»- forfattar (28) er død». Verdens Gang. Henta 22. august 2009.
- ↑ ««Prisdryss til Max Manus»». aftenposten.no. 21. august 2009. Henta 22. august 2009.
- ↑ ««- Det var du som skulle stått her i dag, Thomas»». vg.no. 21. august 2009. Henta 22. august 2009.